Russisk storsatsing paa Moltu
SMOLT: Russian Aquaculture flyttar smoltproduksjonen innandørs på Moltu. 
Nytt

Russisk storsatsing på Moltu

Russian Aquaculture byggjer ut smoltanlegget på Moltu for 100 millionar kroner. Målet er vidare vekst i Norge.

02.11.2018
- Ja, vi treng smolt, og den smolten hentar vi i Norge.
Det seier Arne Geirulv, som er styreleiar i Villa Smolt på Moltu, og styreleiar og dagleg leiar i fleire av dei norske selskapa. I tillegg er han styremedlem i morselskapet i Moskva.

43 konsesjonar

Russian Aquaculture er det største russiske oppdrettsselskapet, og produserer i år rundt 18.000 tonn med laks og ørret.
Totalt har selskapet rundt 43 oppdrettskonsesjonar, der dei fleste ligg i Murmansk-området. I tillegg har ein konsesjon for oppdrett av ørret i innsjøar i Karelia.
- Vi har allereie ein kapasitet på 40.000 tonn, slik at vi treng mykje smolt framover, seier Geirulv.

Fem millionar Moltu-smolt

Fem milionar av smolten skal kome frå anlegget på Moltu. Her vert det no bygt eit nytt produksjonsbygg, i tillegg til ei rekkje nye oppdrettstankar.
- I løpet av tre veker skal anlegget vere klart til å produsere 2,4 millionar smolt. Målet neste år er å kome opp i fem millionar, seier Geirulv.
Eigar av anlegget er selskapet Øyralaks, som vart starta av Lillestøl-familien på Moltu i 1986.
Selskapet vart først seld til Pan Fish, deretter til Villa Organic, før Salmar overtok i 2013.

Første frakt i mai

Før det russiske selskapet kjøpte selskapet i august i fjor, var det to år med null produksjon på Moltu.
- No satsar vi for fullt på Moltu. Første lasten med smolt skal etter planen fraktast i mai neste år, seier Geirulv.
- Då er smolten rundt 120 til 150 gram.
Han opplyser at i Mumansk-regionen er havtemperaturen så lav om vinteren at det vert berre eit årleg utset av smolt.
- Normalt brukar vi brønnbåtar frå Rostein til å frakte smolten.

Gjekk på ein smell

I tillegg til Moltu-anlegget, har også Russian Aquaculture kjøpt Olden Oppdrettsanlegg, som ligg i Trøndelag. Også her er det ein konsesjon på fem millionar smolt årleg.
Det russiske selskapet vart starta opp i 1987, først som ein importør av norsk sild og makrell.
Men selskapet satsa gradvis meir på oppdrett, før ein gjekk på ein skikkeleg smell i 2015 då mesteparten av oppdrettsfisken på ein av lokalitetane døydde. No vert det på nytt satsa på vekst ved hjelp av norsk smolt.

Store investeringar

Arne Geirulv seier at satsinga vil merkast godt i Norge.
- Hittil har vi kjøpt varer, tenester og utstyr for over 1,1 milliardar kroner i Norge.
- Neste to år er investeringsbudsjettet i Norge på 600 millionar kroner.

Moskva-eigarar

Bak Russian Aquaculture står forretningsmannen og Maksim Vorobyov, der sistnemnde er bror til guvernør i Moskva fylke Andrey Vorobyov.
- Dette er hyggjelege og dyktige forretningsfolk, som har stor tru på satsinga i Norge, seier Arne Geirulv.
Han opplyser at ein er godt i gang med å byggje opp arbeidsstokken på Moltu, der ein vil ha ein stab på 8-10 personar når anlegget er i full produksjon.
Ifølgje heimesida til Russian Aquaculture omsette selskapet i 2017 for 1,6 milliardar kroner, opp frå 0,8 milliardar kroner året før.
Resultatet før skatt var på 0,3 milliardar kroner.
Hittil har vi kjøpt varer, tenester og utstyr for over 1,1 milliardar kroner i Norge

Publisert: 02.11.2018 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27