Raakar allereie hardt proevde bedrifter
AVLYSING: NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal måtte sjølv sende ut avlysing av den regionale årskonferansa, som etter planen skulle vore ved Parken Kulturhus i Ålesund denne veka. 
Nytt

– Råkar allereie hardt prøvde bedrifter

Nye smitteverntiltak gjer vondt verre i fleire bransjar. Paradoksalt nok råkar NHO-avlysing lokale bedrifter i Ålesund.

Marius Rosbach
04.01.2021
Dei nye frå måndag, råkar fleire bransjar som frå før er pressa, påpeiker NHO-sjef Espen Remme i Møre og Romsdal.
– Dette råkar allereie hardt prøvde bedrifter. Både restaurant og hotellnæringa har ei stor belasting allereie med eit historisk låg nivå både frå utanlandske og norske gjestar. Dei blir råka både gjennom skjenkeforbodet og avgrensinga på reising. I tillegg har vi reiseliv, transport og ein del servicebransjar som har krevjande tider, seier Remme til NETT NO.
Måndag gjekk også NHO Reiseliv ut med

Avlyser sjølv regional konferanse

Paradoksalt nok såg heller ikkje NHO noko anna utveg enn å avlyse dei regionale samlingane i samband med årskonferansen denne veka.
Etter planen skulle Mørebenken og representantar frå næringslivet samlast ved Parken Kulturhus i Ålesund. Dei må no sjå nok eit etterlengta oppdrag gå i vasken.
– Vi strekte oss langt for å få til dette, men signalet frå statsministeren var sopass tydeleg, at ei avlysing ikkje var til å unngå. Vi har snakka med både hotell og leverandørar, og beklagar på det sterkaste at det blei slik, seier Remme.

Spente på vinteren

Sjølv om NHO-sjefen i Møre og Romsdal ser lys i tunnelen, ettersom vaksineringa er i gong, trur han mange bedrifter vil ha utfordrande tider framover.
– Vi er spente på korleis vinteren 2021 blir, og om det vil vere nok med tiltak i desse 14 dagane. Mykje tyder på at vi vil måtte leve med tiltak også vidare utover vinteren, seier han.
– Det viktigaste for oss no er å jobbe med å få regjeringa til å halde fram, og forsterke dei tiltaka som har vist seg å virke. Det gjeld ikkje minst kompensasjonsordninga og utsetting av skatt- og avgifter, legg han til.

Framleis avhengig av arbeidarar frå utlandet

Remme seier NHO har forståing for at det er nødvendig å dempe smittespreiinga. Men han påpeiker at det for Nordvestlandet, er ekstra viktig at det framleis blir mogleg for bedriftene å få inn arbeidskraft frå utlandet.
– Så langt har vi sett at bedriftene har vore flinke i dette arbeidet, med testing både før arbeidarane reiser, og etter at dei kjem hit til landet. Møre og Romsdal er framleis svært avhengig av importert arbeidskraft, understrekar han.

Les også:





Mykje tyder på at vi vil måtte leve med tiltak også vidare utover vinteren

Publisert: 04.01.2021 14:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10