Det 182 meter lange skipet blir det største Vard nokon gong har bygd.
Vard har utvikla designet, skroget blir bygd hos Vard-verft i Romania og utrusta ved Vard Brattvåg. Etter at jobben er gjort i Brattvåg skal skipet attende til Romania for å gjere ferdig den siste finpussen, mellom anna å legge dekk og fullføre bustad- og opphaldsavdelinga.
Det er Røkke-familiens selskap Rosellinis Four-10 som har tinga skipet. Selskapet vil også stå for drifta av skipet. Fartyet skal vere ferdig i 2020.
Prisen er ikkje opplyst.
Mandag kveld, 1.mai, sa Kjell Inge Røkke til Aftenposten at han vil la formua si kome samfunnet til gode.
– Jeg vil gi tilbake til samfunnet brorparten av det jeg har tjent. Dette skipet er en del av det. Ideen om et slikt skip har utviklet seg over mange år, men planene er blitt konkrete det siste året, seier Røkke i intervjuet.
Å segle som forskingskip med plass til opptil 60 forskarar i tillegg til de 30 mann store mannskapet.
Å bli leigd eller lånt ut til ekspedisjonar.
Utleigd som yacht. Som yacht har den plass til 36 gjestar.
Inntektene frå dei to siste verksemdene skal vere med på å finansiere drifta av forskingsverksemda.
Skipet blir mellom anna utstyrt med laboratorium, fjernstyrt og sjølvstyrt undervassfarty og vinsj- og krananlegg frå Vardselskapet Seaonics for operasjonar ned til 6000 meter og tråling ned til 3000 meter.
I mellomtida har Røkkedominerte Aker også vore eigar av verftsgruppa før den vart seld vidare.
No har han på kort tid plassert to store byggeoppdrag hos sitt tidlegare selskap.
I vinter tinga Aker-selskapet Aker Biomarine eit nytt krillfarty (medrekna produksjonsanlegget ombord) til ein milliard kroner hos Vard.
Vard har utvikla designet, skroget blir bygd hos Vard-verft i Romania og utrusta ved Vard Brattvåg. Etter at jobben er gjort i Brattvåg skal skipet attende til Romania for å gjere ferdig den siste finpussen, mellom anna å legge dekk og fullføre bustad- og opphaldsavdelinga.
Det er Røkke-familiens selskap Rosellinis Four-10 som har tinga skipet. Selskapet vil også stå for drifta av skipet. Fartyet skal vere ferdig i 2020.
Prisen er ikkje opplyst.
Samarbeid med WWF
Skipet skal utviklast i samarbeid med World Wildlife Fund (WWF).Mandag kveld, 1.mai, sa Kjell Inge Røkke til Aftenposten at han vil la formua si kome samfunnet til gode.
– Jeg vil gi tilbake til samfunnet brorparten av det jeg har tjent. Dette skipet er en del av det. Ideen om et slikt skip har utviklet seg over mange år, men planene er blitt konkrete det siste året, seier Røkke i intervjuet.
Tre område
Skipet får tre oppgåverÅ segle som forskingskip med plass til opptil 60 forskarar i tillegg til de 30 mann store mannskapet.
Å bli leigd eller lånt ut til ekspedisjonar.
Utleigd som yacht. Som yacht har den plass til 36 gjestar.
Inntektene frå dei to siste verksemdene skal vere med på å finansiere drifta av forskingsverksemda.
Skipet blir mellom anna utstyrt med laboratorium, fjernstyrt og sjølvstyrt undervassfarty og vinsj- og krananlegg frå Vardselskapet Seaonics for operasjonar ned til 6000 meter og tråling ned til 3000 meter.
30 år
Røkke seier i børsmeldinga at det er 30 år sidan han fekk bygd sin første fabriktrålar hos det som i dag er Vard.I mellomtida har Røkkedominerte Aker også vore eigar av verftsgruppa før den vart seld vidare.
No har han på kort tid plassert to store byggeoppdrag hos sitt tidlegare selskap.
I vinter tinga Aker-selskapet Aker Biomarine eit nytt krillfarty (medrekna produksjonsanlegget ombord) til ein milliard kroner hos Vard.
Publisert: 16.05.2017 19:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09