Roekke vil bu to maanader i aaret paa Rev Ocean
RØKKE: Rev Ocean på veg til dokking ved Myklebust Verft i Gursken. Kjell Inge Røkke planlegg å bu to månader i året ombord i det Vard Brattvaag-bygde skipet.
Nytt

Røkke vil bu to månader i året på Rev Ocean

I et intervju med Forbes lettar Kjell Inge Røkke på planane sine for forskingsyachten Rev Ocean.

28.04.2020
Til det seier Molde-milliardæren at han har planar om å vere om bord i Rev Ocean rundt to månader kvart år.
Det Vard Brattvaag-bygde skipet skal vere klar til drift i 2021, og kostar totalt rundt 350 millionar dollar.

Åtte laboratorium

Med sine 182,9 meter er det verdas største yacht, men i intervjuet med Forbes seier Røkke at det er snakk om eit forskingsskip.
Om bord er det blant anna tre symjebasseng, men der er også åtte laboratorium, og ein fjernstyrt undervassubåt som kan gå ned på svært store djup.

Skipet er designa av Vard i samarbeid med den Monaco-baserte cruisedesignaren Espen Øino.
Om bord vert det plass til 60 forskarar.

Plastoppsamling

Røkke seier at han vil la forskarar bruke skipet gratis, blant anna til å samle opp plast frå havet, men også til å forske på fiskebestandar og utslepp til sjøen.
Men når det ikkje er forskingsaktivitet om bord, planlegg Røkke å bruke båten sjølv til fritidsføremål.
Røkke har tilsett tidlegare generalsekretær Nina Jensen frå WWF Verdas Naturfond til å leie Rev Ocean-prosjektet.
I intervjuet med Forbes seier marinebiologen at ho fleire gongar avviste tilbodet frå Røkke, før ho endeleg sa ja.

- Kritikarane ikkje ein del av løysinga

Forbes synst det er eit paradoks at Røkke-eigde Aker held fram med å forureine miljøet, samstundes som Røkke brukar store midlar på å redde det.
Dette paradokset synest ikkje å bekymre den norske millardæren, fastslår Forbes.
- Om du vil vere ein problemløysar, er du frå naturens side ein optimist. Kritikarane, dei er derimot ikkje ein del av løysinga, seier han.

Publisert: 28.04.2020 12:21

Sist oppdatert: 17.06.2021 11:26