NPK-NTB: Konsernsjefen ventar framleis uro framover.
– Dei finansielle resultata våre for andre kvartal vart påverka av svært låge realiserte olje- og gassprisar på grunn av covid-19-pandemien, men også av sterke resultat frå tradingverksemda i volatile marknader.
- Vi ser no ei gradvis gjenopning av samfunnet i nokon delar av verda, medan andre regionar framleis er sterkt påverka av pandemien, seier konsernsjef Eldar Sætre i samband med framlegginga av resultata for andre kvartal i år.
Selskapet fekk eit justert driftsresultat på 354 millionar dollar i andre kvartal i år – 1,7 milliardar lågare enn i same periode i fjor. Overskotet etter skatt er nesten halvert til 646 millionar dollar, frå 1,13 milliardar dollar i andre kvartal i fjor. Det kjem fram av resultatframlegginga til det norske energikonsernet torsdag morgon.
Driftsresultatet var påverka av nedskrivingar på 0,37 milliardar dollar, rundt 3,4 milliardar norske kroner, hovudsakleg knytt til eit gassprosesseringsanlegg i Noreg og leiting.
Ved utgangen av andre kvartal har Equinor fullført 15 leitebrønnar, 6 med drivverdige funn og to brønnar under vurdering. Det var boring i 17 brønnar ved utgangen av kvartalet.
– Dei finansielle resultata våre for andre kvartal vart påverka av svært låge realiserte olje- og gassprisar på grunn av covid-19-pandemien, men også av sterke resultat frå tradingverksemda i volatile marknader.
- Vi ser no ei gradvis gjenopning av samfunnet i nokon delar av verda, medan andre regionar framleis er sterkt påverka av pandemien, seier konsernsjef Eldar Sætre i samband med framlegginga av resultata for andre kvartal i år.
Selskapet fekk eit justert driftsresultat på 354 millionar dollar i andre kvartal i år – 1,7 milliardar lågare enn i same periode i fjor. Overskotet etter skatt er nesten halvert til 646 millionar dollar, frå 1,13 milliardar dollar i andre kvartal i fjor. Det kjem fram av resultatframlegginga til det norske energikonsernet torsdag morgon.
Uro i marknadane
– Vi ventar framleis svingingar i marknaden framover. Dei langsiktige marknadseffektane av covid-19 er framleis uvisse, med mogleg lågare etterspurnad og reduserte investeringar i bransjen, seier Sætre.Driftsresultatet var påverka av nedskrivingar på 0,37 milliardar dollar, rundt 3,4 milliardar norske kroner, hovudsakleg knytt til eit gassprosesseringsanlegg i Noreg og leiting.
Høgare produksjon
Equinor leverte ein samla eigenproduksjon på 2,011 millionar fat oljeekvivalentar per dag i andre kvartal, på nivå med same periode i 2019, med sterk vekst i væskeproduksjonen på norsk sokkel. Justert for porteføljetransaksjonar og myndigheitspålagde produksjonsavgrensingar, utgjer dette ein produksjonsvekst på meir enn 4 prosent samanlikna med andre kvartal 2019.Ved utgangen av andre kvartal har Equinor fullført 15 leitebrønnar, 6 med drivverdige funn og to brønnar under vurdering. Det var boring i 17 brønnar ved utgangen av kvartalet.
Publisert: 24.07.2020 09:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00