Roger Halsebakk Sandsøya foto Kjetil Haanes 11
GRUNNLEGGER: Roger Halsebakk var med og grunnla det som i dag er Sølvtrans-konsernet. Han og familien eig 15 prosent i selskapet. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sølvtrans-eigarane sonderer for mogleg sal

Kan få investeringsfond nummer tre inn på eigarsida.

01.08.2025

I 2018 tok fond styrt av Antin Infrastructure Partners over som majoritetseigar i Sølvtranskonsernet etter at fond styrt av eit anna investeringsselskap, Oaktree, selde seg ut. Oaktree kom inn som majoritetseigar då Sølvtrans vart tatt av børs i 2014.

No kan det bli nytt skifte på eigarsida i brønnbåtareiarlaget i Ålesund. Selskapet og eigarane er i gang med å lodde interessa hos eventuelle kjøparar.

– At vi sonderer, det er greit å seie, seier styreleiar Roger Halsebakk i Sølvtrans om kva som er status per i dag.

Han vil ikkje tidfeste når sonderingane om eit eventuelt sal byrja, men seier at slike prosessar er tidkrevande og anslår at det er ytterlegare "to-tre-fire månadar" før det kjem ei avklaring.

Eig 15 prosent
Roger Halsebakk og familien eig 15 prosent i Sølvtrans-konsernet gjennom investeringsselskapet Ronja Captial. Mangeårige partar Anders Hvide og familien hans eig 2,315 prosent gjennom selskapet Tucan Holding. 

Resten av aksjane er det Antin Infrastructure Partners som eig.

Halsebakk ønskjer ikkje å kommentere om han og familien vil selge seg ut ved eit eventuelt sal, eller bli med vidare på eigarsida saman med ein ny majoritetseigar.

Milliardkonsern
Brønnbåtabransjen er dominert av få og store selskap, med Sølvtrans som eitt av dei største.

2024-rekneskapen Sølvtrans Rederi er ikkje offentleg enno. Sølvtrans Rederi er det største selskapet i konsernet, målt etter akaitivet og driftsinntekt. I 2023 var inntektene 1,5 milliardar kroner og resultatet før skatt 411 millionar.

Selskapet har per i dag 673 tilsette. 42 båtar og verksemd i fem land; Noreg, Storbritannia, Island, Canada og Australia.

Publisert: 01.08.2025 15:00

Sist oppdatert: 31.12.2025 15:39

Mer om