Nytt
Saferoad er børsnotert
Forsiktig startar på første børsdag.
06.06.2017
Saferoad har henta inn 1,4 milliardar kroner i ny eigenkapital til ein kurs på 30 kroner pr. aksje i forkant av børsnotering. No klokka 10:22 er kursen 30,30 kroner pr. aksje, som prisar selskapet til like over to milliardar kroner.
DNB og Nordea har begge flagga at fond dei styrer eig like i underkant av ni prosent av aksjane i Saferoad.
Eit fond under svenske Nordic Capital, som eigde selskapet før børsnotering vil bli sittande med mellom 30 og 20 prosent eigarandel etter. Fondet har forplikta seg til å selje aksjar slik at eigarandelen kan bli redusert frå 30 til 20 for å stimulerer aksjehandelen i selskapet. Den avtalen gjeld ein månad framover, slik at det førebels ikkje er avklart kor stor andel fondet vil sitte med til slutt.
Saferoad satsa i første omgang på å hente inn ny eigenkaptial til ein kurs på mellom 45 og 60 kroner pr. aksje, men reduserte det deretter til 30 kroner for å få mange nok investorar til å satse på selskapet.
Det auka interessa og ved børsnotering av Saferoad rundt 900 eigarar. Den fullstendige aksjonærlista er ikkje klar.

Publisert: 06.06.2017 08:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10