Sagastad
NORDFJORDEID: Vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid. Foto: Sagastad
Nytt

Trøblete år for vikingsenter

Koronapandemien har gitt vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid ein vanskeleg start. Men no lysnar det.

20.10.2021

Vikingsenteret på Nordfjordeid vart opna i mai 2019. Sentralt i senteret er den 30 meter lange tenkte kopien av Myklebustskipet, som det vart funne restar av berre 300 meter frå der senteret i dag står.

Skipet er bygd i Bjørkedalen, og er mellom anna utstyrt med 24 årepar og 48 skjold.

Sjølve bygget har ein diameter på 38 meter, som er omlag størrelsen av gravhaugen der restane av Myklebustskipet vart funne.

Avlyste arrangement
Planen er at senteret skal vere både eit opplevings- og kunnskapssenter, men pandemien har sett ein stoppar for fleire av planane.

Mellom anna vart fleire konsertar og andre aktivitetar avlyste, og det var andre restriksjonar.

Dette viser også igjen i omsetningstala for 2020, der inntektene stoppa på 2,6 millionar kroner. Resultatet før skatt enda på minus 3,8 millionar, slik at det samla driftstapet etter oppstarten er på 5,6 millionar.

Derimot er det på nytt ei rekkje aktivitetar ved senteret. Mellom anna skal det vere førjulskonsertar med både Line Dybedal og Eid Blandakor, vert det opplyst på Facebook-sida til Sagastad.

Sagastad Drift
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 2,6 4,5
Driftsresultat -3,3 -1,2
Resultat før skatt -3,8 -1,8

Mange aksjonærar
Sagastad Drift fekk i fjor utbetalt 537.802 kroner i koronakompensasjon.

Selskapet har ein eigenkapital på 1,7 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 16,9 millionar.

Ei rekkje lokale og regionale bedrifter er medeigarar. Største eigar er Stiftinga Sagastad med 12,75 prosent, medan Coop Vest Eigedom, Lefdal Invest og Moengården kvar eig 9,58 prosent.

Publisert: 20.10.2021 05:50

Sist oppdatert: 19.10.2021 21:31

Mer om