Kristin Clemet Damene Først foto Ogne
VIL HA DEBATT: Vi har alt for lite merksemd om behovet for privat sektor, seier Civita-sjef Kristin Clemet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Saknar forsvar av privat sektor

Kristin Clemet i Civita er redd privat sektor er på vikande front - og at få bryr seg.

18.06.2023

Clemet (66) har vore statsråd to gongar, vore stortingsrepresentant for Høgre, viseadministrerande direktør i NHO og, sidan 2006, dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita.

No er ho bekymra over ein retorikk i omtalen av næringsliv og bedriftseigarar ho aldri har opplevd før.

- No er det blitt eit heilt tydeleg skift mot venstre på venstresida, sa Clemet i eit innlegg på næringskonferansen Damene Først i Ålesund denne veka.

Ny retorikk
Samstundes har retorikken endra seg. "Velferdsprofitørar" og "ta dei rike" er døme på det, slik Clemet ser det.

Summen av dette er eit nytt syn på privat sektor, som Clemet meinte ikkje var der hos Arbeidarpartiet under Jens Stoltenberg og Gro Harlem Brundtland.

Ho saknar debatt og fleire som forsvarar privat sektor si rolle. Konkurransen mellom bedriftene i privat sektor bidrar til innovasjon, kostnadskontroll og omstillingsevne, samstundes som eit breitt privat eigarskap også gjer at makt er spreidd på mange.

For lite merksemd
- Vi har alt for lite merksemd om behovet for privat sektor, sa Clemet, som også har lagt ut eit lengre innlegg om temaet på nettsida til Civita.

Mykje av grunnlaget for at det har utvikla seg slik Clemet skildrar det, er at offentleg sektor har blitt større og større. Med oljepengane i ryggen er staten rik, og Noreg har kunna la offentleg sektor vekse utan å måtte auke skattane tilsvarande mykje.

Clemet trur staten kan ta ei enda større rolle i økonomien, men at det i så fall har ein pris.

Ingen land blir så vellukka som Noreg, utan ein sterk privat sektor, sa Clemet.

LO-leiaren til Ålesund
Dei som vil delta i debatten om privat eigarskap får ein ny sjanse når NHO og First House, i samarbeid med Adviso Advokatfirma og Pir Cowork, inviterer til debattmøte i Ålesund mandag kveld 21. august.

Dit kjem mellom andre LO-leiaren, utflytta sunnmøring Peggy Følsvik. I eit intervju med VG då ho byrja i vervet sa ho:

"De rikeste står i gjeld til vanlige folk. Det er payback-time. Nå skal vi ta de rike".

Følsvik understreka i VG-intervjuet at ho ikkje var ute etter å ta dei rike, berre for å ta dei, men fordi formuesauken for dei rike er ei viktig årsak til at det har blitt større økonomiske skilnadar i Noreg.

Publisert: 18.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 18.06.2023 12:47