Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach 11
SAKSØKT: Tidlegare verftseigar Tomislav Debeljak forklara seg i tingretten i Bergen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bustyrar snakka éin gong med saksøkt Kleven-eigar

Den tidlegare verftseigaren forklara seg i retten.

Marius Rosbach
10.11.2023

I søksmålet mot tidlegare Kleven-eigar Tomislav Debeljak, fekk tingretten fredag høyre hans forklaring i saka.

Då kom det mellom anna fram at kroaten hadde hatt svært lite kontakt med buet etter konkursane – som no har saksøkt forretningsmannen for opptil 136 millionar kroner.

På spørsmål frå ein advokatane til dei saksøkte kom det fram at den tidlegare verftseigaren berre hadde eitt møte med bustyrar på kring ein halv time.

Møtet skjedde på Teams og var den einaste gongen Debeljak snakka direkte med bustyraren.

Den dåverande Kleven-eigaren forklara at tilsette frå Div Group – Debeljak sitt kroatiske konsern – var i samtaler med bustyrar seinare, men ikkje han direkte.

Var overraska over uttaler om eigen rolle
Debeljak vitna i tingretten via tolk og ga mellom anna uttrykk for at han var overraska over å høyre uttaler frå bustyrar om hans rolle i saka.

Dei fekk kome med sine merknader til den førebelse rapporten, men det som blei oppført skal ha vore feil, ifølgje Debeljak.

Den kroatiske forretningsmannen fortalde vidare korleis Div Group fire gonger tidlegare hadde kjøpt opp andre selskap. I alle tilfella var kostnad- og innkjøpskontroll avgjerande for å få drifta på rett kjøl, opplyste han.

Fekk tidleg signal om Debeljak
Fredagen i retten starta med bustyrar Bjørn Åge Hamre sin forklaring. Dei saksøkte sin advokat Karl Rosén ville mellom anna vite på kva tidspunkt bustyraren fekk ei oppfatning av at Debeljak var personleg ansvarleg.

– Eg hugsar ikkje konkret, men vi fekk ganske tidleg signal om at han hadde ein spesiell stil og hadde påført verftet tap, svara Hamre.

I det vidare arbeidet støtta bustyraren seg på samtaler med dei involverte og etter kvart ein grundig rapport frå burevisoren.

Vurdere ikkje om bankane var ansvarleg
Rosén ville mellom anna vite om Hamre meinte Debeljak hadde tilfredsstillande moglegheiter til å ta til motmæle mot skuldingane som kom fram undervegs. Det svara han bekreftande på.

Hamre stadfesta også at buet ikkje hadde hatt noko fleire samtaler med Debeljak sjølv.

Rosén ville også vite om bustyraren på noko tidspunkt vurderte om bankane hadde eit ansvar for situasjonen som var oppstått.

– Var det utenkeleg, ville advokaten vite.

– Ja, i ein situasjon som dette, ut frå styreleiar sin framferd, svara Hamre.

Meiner dokumentasjonen var tydeleg
Da dei saksøkte sin advokat ville vite om bustyraren kjente til omgrepet «bekreftelsesfellen», vart det tilløp til amper stemning. Det er ein tankefeil som går ut på at ein tolkar, og leitar etter ny informasjon, som allereie stadfestar oppfatninga ein har.

Hamre svara først at han ikkje kjente til begrepet, men følgde opp med å seie at han kjente innhaldet i det.

Han meinte likevel at han ikkje hadde gått i ei slik «felle» i arbeidet med Kleven.

– I dette tilfelle, var dokumentasjonen slik vi ser den, ganske tydeleg, svara han på spørsmål frå Rosén.

Ukjent bodgivar trakk seg
Hamre fortalde også korleis dei jobba med å finne nye eigarar til verftet etter konkursen.

Det var to aktuelle bodgivarar – men den eine trekte seg etter at det blei klart at det kanadiske reiarlaget ikkje ville stå ved kontrakten på nybygget som låg ved kai.

I løpet av kort tid blei det klart at Green Yard Kleven var den einaste aktuelle kjøparen. Etter kring ti dagar blei kjøpet annonsert.

Publisert: 10.11.2023 12:35

Sist oppdatert: 10.11.2023 15:08

Mer om