Advokathonorara for rettsaka utgjer åleine 236 millionar kroner av dei totale sakskostnadane, skriv Dagens Næringsliv.
Advokatane som arbeidde for Christer Sveaas og dei andre søksøkarane krev 72,8 millionar krone, advokatane som arbeidde for Aker og dei andre saksøkte krev 163,5 millionar kroner skriv avisa.
Siste dag i retten
Framlegging av sakskostnadskrav i dag er siste punkt i rettsaka som starta tysdag 7. oktober i 2025.
Advokatane legg no fram krava og grunnlaget for dei før dommaren gir sine avsluttande bemerkningar og avsluttar rettsaka.
Starta med refinansiering
Kjerna i striden mellom Kjell Inge Røkkes Aker og Christen Sveaas sitt Kistefos er restruktureringa av det då kriseramma offshoreselskapet Solstad Offshore ASA i 2023 og 2024.
Solstad hadde på det tidspunktet 13 milliardar kroner i gjeld med forfall våren 2024. Då hadde Solstad blitt ein av verdas største offshoreaktørar med over 100 skip, mellom anna etter fusjon med Farstad Shipping.
Aker si løysing på krisa var at 35 av skipa, som Kistefos meinar var «indrefileten» av Solstad-flåten, vart overført til det nyoppretta selskapet Solstad Maritime, der Aker vart hovudeigar.
I denne transaksjonen vart verdien på denne flåten vurdert til 1,5 milliardar.
To heilt ulike vurderingar
Ifølge Kistefos´advokatar var den reelle flåteverdien på mellom 7 og 10 milliardar, noko dei meiner viser at Aker fekk skipa til ein betydeleg underpris og dermed har berika seg grovt på småaksjonærane sin kostnad.
Frå Solstad/Aker-sida avvisast påstandane blankt. Dei hevdar tvert imot at det er Kistefos sin argumentasjon som er full av konspirasjonsteoriar og faktafeil - og at alternativet for småaksjonærane var å miste alt.
Publisert: 16.01.2026 13:04
Sist oppdatert: 16.01.2026 13:24






