Sal er foerste prioritet for Ekornes sjefen
UT TIL KUNDANE: Ny Ekornes-sjef Roger Lunde (t.h.) har auka sal som hovudmål. Dei siste dagane har han møtt dei tilsette, mellom anna Vegard Goksøyr som jobbar i robotproduksjonen. 
Nytt

Sal er første prioritet for Ekornes-sjefen

- Eg vil ha hovudfokus på sal, kundar og salsgjennomføring, seier den nye Ekornessjefen Roger Lunde.

14.02.2020
Lunde blei lansert som ny toppsjef i Ekornes, etter at Olav Holst-Dyrnes overraskande gjekk av denne veka. No har Lunde brukt to og ein halv dag på å besøke Ekornes og snakke med leiing og tilsette. Formelt startar han i den nye jobben 24. februar.

Kva som blir første prioritet er det ingen tvil om. Selskapet må ha vekst, salet må opp.
Noko av grunnlaget for å lukkast er allereie på plass.
- Ein har jobba veldig systematisk dei siste tre åra med å utvikle nye produkt, seier Lunde.

Vekependle og bu i Sykkylven

Lunde er utdanna siviløkonom og har sist vore i Brødrene Dahl. Konsernet har vekse stort i åra med han i sjefsstolen og i 2018 sette dei omsetningsrekord på meir enn åtte milliardar. Lunde har også leiarerfaring frå Kongsberg Gruppen, Scatec, Solar, DNB og Aker Solutions.

Han bur i Oslo og skal vekependle til Sunnmøre.
Erfaringane med ferje har gjort valet at bustad på Sunnmøre enkelt.
- Eg har allereie bestemt meg for at eg må bu i Sykkylven, seier Lunde.

Stressless-stillstand

Ekornes har slite med å vekst i salet dei siste åra.
I følgje det sist tilgjenglege reknskapet, for 3. kvartal 2019, fall driftsinntektene frå Stressless-stolar og -sofaer falle med sju prosent dei første ni månadane i 2019 samanlikna med dei første ni månadane i 2018.
Talet på Stressless sofa- og stolsete gjekk ned frå 1439 om dagen i gjennomsnitt i årets ni første månader i 2018 til 1253 seter om dagen i same periode i 2019.


Publisert: 14.02.2020 18:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53