Lakseoppdrettselskapet Salmon Evolution har allereie sikra seg over halvparten av pengane i kapitalutvidinga som skal gjennomførast denne veka.
Fredag 4. september klokka 12 er fristen Salmon Evolution i utgangspunktet har sett for investorar som vil vere med på satsinga på landbasert oppdrett i eit nedlagt steinbrot i sjøkanten i Hustadvika.
Selskapet gjennomførte ei kapitalinnhentinga tidlegare i år. Då blei det henta inn 258 millionar kroner i ny eigenkapital. No skal det hentast inn 500 millionar kroner til, og planen er å hente inn ytterlegare 450 millionar kroner i ei kapitalutviding neste år.
Prisen for å vere med i denne omgang er fem kroner per aksje, som prisar selskapet til 600 millionar kroner.
Første byggetrinn er berekna til å koste 1,3 milliardar kroner.
Målet er å slakte første fisk frå anlegget i slutten av 2022.
Eksisterande aksjonærar i Salmon Evolution går inn med 91 millionar kroner i kapitalutvidinga no. Dessutan har DNB Asset Management (110 millionar kroner), Klaveness Marine Finance (30 millionar kroner) og selskap kontrollert av Fredrik Cappelen, Carl Erik Krefting og Preben Rasch-Olsen (30 millionar kroner) også teikna seg og fått aksjar,
Dermed gjenstår det å få inn 239 millionar kroner frå andre investorar.
Då tidlegare dagleg leiar Odd Tore Finnøy presenterte planane til Salmon Evolution i Shippingklubben i Ålesund tidlegare i år sa han at selskapet kan bygget enda meir i Fræna og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Og det skal ikkje stoppe der. Det er fleire stadar langs kysten som egnar seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Målet er å kome opp i 100 tusen tonn sløyd laks i året, seier han. Det utgjer nesten åtte prosent av den norske oppdrettsproduksjonen av laks og aure.
Til saman sikrar anlegget inntekter for Artec Aqua for ein plass mellom 1,2 og 1,3 milliardar kroner. Det er i særklasse det største oppdraget selskapet nokon gong har fått og selskapet har også opsjon seinare byggetrinn
– Det er ein merkedag, sa Artec Aqua-direktør Ingegjerd Eidsvik då Salmon Evolution markerte byggestart i mai i år.
Fredag 4. september klokka 12 er fristen Salmon Evolution i utgangspunktet har sett for investorar som vil vere med på satsinga på landbasert oppdrett i eit nedlagt steinbrot i sjøkanten i Hustadvika.
Selskapet gjennomførte ei kapitalinnhentinga tidlegare i år. Då blei det henta inn 258 millionar kroner i ny eigenkapital. No skal det hentast inn 500 millionar kroner til, og planen er å hente inn ytterlegare 450 millionar kroner i ei kapitalutviding neste år.
Prisen for å vere med i denne omgang er fem kroner per aksje, som prisar selskapet til 600 millionar kroner.
1,3 milliardar
Pengane i emisjonen tidlegare i år, frå den som pågår no og frå den som skal gjerast neste år, skal gå til å finansiere første byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget.Første byggetrinn er berekna til å koste 1,3 milliardar kroner.
Målet er å slakte første fisk frå anlegget i slutten av 2022.
Har 261 millionar kroner klare
Blant dei som gjekk inn i selskapet i vår var Roger Halsebakks selskap Ronja Capital, der styreleiar Tore Tønseth i Salmon Evolution er investeringsdirektør.Eksisterande aksjonærar i Salmon Evolution går inn med 91 millionar kroner i kapitalutvidinga no. Dessutan har DNB Asset Management (110 millionar kroner), Klaveness Marine Finance (30 millionar kroner) og selskap kontrollert av Fredrik Cappelen, Carl Erik Krefting og Preben Rasch-Olsen (30 millionar kroner) også teikna seg og fått aksjar,
Dermed gjenstår det å få inn 239 millionar kroner frå andre investorar.
750 millionar kroner til
Når kapitalutvidinga neste år er gjennomført er planen å hente inn ytterlegare 750 millionar kroner, seier Tønseth. Det skal vere med på å finansiere bygginga av resten av anlegget, som skal kunne produsere heilt ferdig vil det produsere nesten 31 tusen tonn sløyd laks i året.Då tidlegare dagleg leiar Odd Tore Finnøy presenterte planane til Salmon Evolution i Shippingklubben i Ålesund tidlegare i år sa han at selskapet kan bygget enda meir i Fræna og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Og det skal ikkje stoppe der. Det er fleire stadar langs kysten som egnar seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Målet er å kome opp i 100 tusen tonn sløyd laks i året, seier han. Det utgjer nesten åtte prosent av den norske oppdrettsproduksjonen av laks og aure.
Gigantoppdrag for Artec Aqua
Det er Ålesund-selskapet Artec Aqua som skal prosjektere anlegg og bygging.Til saman sikrar anlegget inntekter for Artec Aqua for ein plass mellom 1,2 og 1,3 milliardar kroner. Det er i særklasse det største oppdraget selskapet nokon gong har fått og selskapet har også opsjon seinare byggetrinn
– Det er ein merkedag, sa Artec Aqua-direktør Ingegjerd Eidsvik då Salmon Evolution markerte byggestart i mai i år.
Publisert: 02.09.2020 13:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02