Senterpotte og tårn frå brimer foto Entec
STORE DIMENSJONAR: Senterpottene og tårna frå Brimer Servitech skal stå i 13 meter høge kar, med 28 meter i radius. Foto: Entec Group.
Nytt

Salmon Evolution-kontrakt

Entec-selskapet Brimer Servitech skal levere utstyr til kar hos Salmon Evolution.

02.09.2021

- Det er ei strategiske kontrakt for oss, seier konsernsjef Håvard Haanes i Entec.

Kontrakten er inngått mellom Brimer Servitech og Artec Aqua, som har projektert det landbaserte oppdrettsanlegget og styrer byggeprosessen.

Salmon Evolution skal både bygge fleire byggetrinn på anlegget i Indre Harøy i Romsdal, vere medeigar i ein komande landbasert oppdrettsanlegg i Korea og har mål om ytterlegare vekst både heime og i utlandet.

Dette vil Entec vere med på, og Haanes ser på den nye kontrakten som ein sjanse til å vere med på ferda.

Partane går ikke ut med pris på kontrakten.

Brimer Servitech skal levere ei såkalla senterpotte og eit innvending tårn til 12 kar, 13 meter høge og med 28 meter radius. I potta og tårnet er det bygd inn funksjoner for reinsing av vatnet og for å gjennomstrøyming av vatnet, i tillegg til at søyla ber taket på karet.

Publisert: 02.09.2021 15:11

Sist oppdatert: 02.09.2021 15:27