Salmon Evolution med store forventningar
Skal auke slaktinga vesentleg frå andre kvartal.
Ved inngangen til 2024 hadde Salmon Evolution 2200 tonn laks (levande vekt) i det landbaserte oppdrettsanlegget sitt i Indre Harøy. Det blei slakta 1104 tonn (sløyd og hovudkappa) laks i fjerde kvartal i fjor, samstundes som netto auke i levande laks i anlegget var 1439 tonn (levande vekt).
I første kvartal i år reknar selskapet med å slakte mellom 800 og 1000 tonn (sløyd og hovudkappa) og deretter vesentleg meir resten av året, ifølgje ei børsmelding.
På laksebørsen Fishpool er laks for framtidig levering prisa til nesten 100 kroner kiloen i år. Med 90 prosent av laksen som blei slakta i fjerde kvartal i fjor klassifisert som superior kvalitet ventar Salmon Evolution å kunne profitere på høge lakseprisar i år.
Første byggesteg av anlegget i Indre Harøy er i ferdig og produksjonen på veg opp til å kunne slakte 7900 tonn sløyd og hovudkappa laks i året.
Før børsopning i dag er aksjekursen til Salmon Evolution 6,93 kroner. Det verdset selskapet til 2,9 milliardar kroner.
Publisert: 04.01.2024 08:30
Sist oppdatert: 04.01.2024 09:07