Salmon Evolution ser mot boersen
MEIR EIGENKAPITAL: Finansdirektør Håkon Andrè Berg er konstituert som toppsjef i Salmon Evolution etter at Odd Tore Finnøy. (Berg til venstre, Finnøy til  høgre i innfelt bilde nede til venstre). Styreleiar Tore A. Tønseth (opp til høgre) seier det ikkje er avgjort korleis leiargruppa blir sett saman, men at det er viktig med finanskompetanse ettersom selskapet skal arbeide mykje mot finansmarknaden framover.
Nytt

Salmon Evolution ser mot børsen

-  Det vil vere naturleg for oss å søke børsnotering i forbindelse med første byggetrinn, seier styreleiar Tore A. Tønseth i det landbaserte oppdrettselskapet.

20.04.2020
Salmon Evolution henta i mars inn 258 millionar kroner i ny eigenkapital. Pengane skal gå til å finansiere første byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget i eit nedlagt steinbrot i sjøkanten i Fræna.
Men 258 millionar kroner er ikkje nok. Første byggetrinn skal i stor grad finansierast med eigenkapital og styreleier Tore A. Tønseth seier rundt ein milliard kroner til skal hentast inn. Det er i samband med den kapitalinnhentinga ei børsnotering kan bli gjennomført.

Leiarskifte

Ved månadsskiftet mars/april gjekk Odd Tore Finnøy av som administrerande direktør etter 10 månadar i selskapet.
Behov for finansiell kompetanse framover er grunnen til eigarskiftet, ifølgje styreleiar Tore A. Tønseth
- Finansielle bakgrunn er svært viktig for selskapet. Vi treng ein anna type leiing i den settingen vi går inn i, seier han.
Sparebank1 Markets-analytikar Tore A. Tønseth blei i desember i fjor investeringsdirektør i Roger Halsebakks selskap Ronja Capital.

Ronja Capital gjekk inn med 70 millionar kroner i kapitalutvidinga i Salmon Evolution i mars og blei største aksjonær i selskapet, med 19,6 prosent av aksjane.

Korona-vent

Etter kapitalinnhentinga i mars har koronaepidemien ikkje hatt praktiske konsekvensar for framdrifta til Salmon Evolution, men den kan få det framover.
- Per i dag er ikkje kapitalmarknaden open for store emisjonar, seier Tønseth.
Aktørane i marknaden har sett beslutningsprosessar på vent, eller brukar meir tid. Tønseth ventar at forretningslivet har kome attende til ein meir normal tilstand i løpet av hausten.
Han understrekar at det ikkje er teke noko endleg avgjerd om tidspunkt og form på neste kapitalinnhenting. Mellom anna vurdere Salmon Evolution også strategiske prosessar mot einskild-aktørar.

Åtte prosent av norsk produksjon

Når det landbaserte oppdrettsanlegget i Fræna er heilt ferdig vil det produsere nesten 31 tusen tonn sløyd laks i året.
Då anlegget blei lansert første gang vart det sagt at prisen ville bli tre milliardar, men i den planen som det no blir arbeidd etter er produksjonen auka med omlag 20 prosent samanlikna med den opphavlege planen.

Over sju milliardar

Det er allereie eitt landbasert oppdrettselskap på Oslo Børs.
Atlantic Sapphire byggjer eit anlegg ved Miami i Florida.
Atlantic Sapphire blei børsnotert 15. mai 2018. Fram til september 2018 var aksjekursen stabil i overkant av 45 kroneer per aksje. Deretter steig kursen i rykk og napp, til den førebelse toppnoteringa på 144,50 kroner per aksje 29. januar i år. Deretter har det gått bratt nedover, til 72,20 kroner 23. mars, før kursen tok til å stige igjen.
I dag var sluttkursen 100 kroner pr. aksje, som verdset selskapet til 7,1 milliardar kroner.

Publisert: 20.04.2020 17:17

Sist oppdatert: 02.03.2021 09:48