Salet av to eldre brønnbåtar, Ronja Polaris og Ronja Viking, gav brønnbåtreiarlaget Sølvtrans Rederi ein gevinst på 304 millionar kroner i fjor. Det er ein del av forklaring på både inntektsveksten og auka overskot for reiarlaget i 2024.
Sølvtrans Rederi i Ålesund er det klart største selskapet i Sølvtrans-konsernet, som per i dag har ein flåte på over 409 fartøy, medrekna skip under bygging.
Morselskapet i konsernet er selskapet Astrix Topco 1, som ikkje har offentleggjort rekneskapen for 2024 enno. I 2023 hadde konsernet 2,2 milliardar kroner i driftsinntekt og 21,2 millionar kroner i resultat før skatt.
Brønnbåtar blir blir brukt til flytting av oppdrettsfisk mellom anlegg, frå anlegg til slakteri og ved avlusningsoperasjonar.
Optimistisk
Sølvtrans-konsernet er like optimistisk som det var då 2023-tala var klare:
– Framtidsutsiktene er positive spesielt for større og effektive båtar med lukka system. Styret ventar vidare etterspørseln etter brønnbåttenester vil halde fram med å auke på grunn av vekst for oppdrettsnæringa, at fisken skal fraktast over lengre avstandar, nye og ekstra oppgaver for brønnbåtar, regelendringar og reguleringsendringar, skriver styret i Sølvtrans Rederi.
Vurderer sal
Sølvtrans-konsernet har tidlegare vore børsnotert og har no sitt andre internasjonale investeringsfond som majoritetseigar.
I år kan det vere duka for nok eit skifte på eigarsida.
Selskapet og eigarane er i gang med å lodde interessa hos eventuelle kjøparar.
– At vi sonderer, det er greit å seie, sa styreleiar Roger Halsebakk i Sølvtrans til Nett No i førre veke om kva som er status per i dag.
Roger Halsebakk og familien eig 15 prosent i Sølvtrans-konsernet gjennom investeringsselskapet Ronja Captial. Mangeårige partar Anders Hvide og familien hans eig 2,315 prosent gjennom selskapet Tucan Holding. Resten av aksjane er det eit Antin Infrastructure Partners-fond som eig.
| Sølvtrans Rederi as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 2134,4 | 1479,7 |
| Driftsresultat | 1200,3 | 770,1 |
| Resultat før skatt | 836,7 | 411,4 |
Publisert: 04.08.2025 13:15
Sist oppdatert: 04.08.2025 13:15






