Audun Maråk 1
SKULDAR PÅ BRITANE: - Storbritannia har prøvd å sende rekninga for brexitavtalen til norske fiskarar, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt..
Nytt

Samanbrot i fiskeriforhandlingane med britane

Noreg klarte ikkje å bli samde med Storbritannia om ein fiskekvoteavtale for 2021. Forhandlingane er avslutta.

NPK-NTB-Johan Falnes: Noreg har i eit møte med Storbritannia komme til semje om å setje strek for forhandlingane om ein bilateral kvoteavtale for 2021, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

– Brexit har utvilsamt skapt ei rekkje utfordringar for norsk fiskerinæring. Det har vist seg svært vanskeleg å få til ein avtale med Storbritannia om sonetilgang og kvotebyte for 2021, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

– Når det gjeld gjensidig tilgang til å fiske i farvatna til kvarandre på felles bestandar, var avstanden for stor til at vi kom til semje, seier han.

Ventar eskalering
Audun Maråk, administrerande direktør i organisasjonen til havfiskeflåten Fiskebåt, legg skulda på britane.

– Storbritannia har prøvd å sende rekninga for brexitavtalen til norske fiskarar, seier han.

– Noreg har strekt seg langt for å prøve å finne løysingar, medan Storbritannia har møtt med låste poisjoner med høve til mellom anna gjensidig sonetilgang. Dessverre vil dette føre til ei eskalering av konfliktnivået knytt til forvaltninga av fiskeriressursane i havområda våre.

Maråk legg til at han hadde håpa Noreg og Storbritannia ville bli nære fiskeriallierte.

– Storbritannia vil sitje igjen som ein av taparane, seier han.

Forsvarar norsk linje
Noreg har inngått avtalar med EU om Nordsjøen og Skagerrak. I tillegg vart EU, Noreg og Storbritannia i mars samde om forvaltninga av bestandane dei deler i Nordsjøen. Men dei bilaterale samtalane med britane lykkast altså ikkje.

Etter det NTB kjenner til, var det spørsmålet om gjensidig sonetilgang og kvotebyte som var hovudproblemet i forhandlingane.

Fiskeriministeren forsvarer den norske linja.

– Noreg har hatt ei fast haldning gjennom heile forhandlingane i samråd med næringa, seier Ingebrigtsen.

– Det er betre å ikkje inngå ein avtale om vi ikkje kjem tilbake til situasjonen slik han var før brexit.

Publisert: 30.04.2021 10:57

Sist oppdatert: 30.04.2021 11:05