Samarbeid faar folk i arbeid
FEKK BESØK: Burger King på Digerneset er mellom dei mange nye arbeidsplassane i Skodje kommune dei siste åra. Måndag fekk Pawel Wrobel og Angela Celebanska (nr. 2. og 3. frå venstre) - begge assisterande butikksjefar - besøk av mellom anna arbeidsminister Anniken Hauglie, ordførar Dag Olav Tennfjord og Jan Petter Larsen i Digerneset Næringspark.
Nytt

Samarbeid får folk i arbeid

Arbeidsminister Anniken Hauglie meiner mange kan lære av korleis dei gjer ting i Skodje. Samarbeid mellom NAV, næringsliv og kommune gir resultat. 

Marius Rosbach
04.06.2019
Måndag var arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) på besøk hos fleire bedrifter i Ålesund-området som har gode erfaringar med å hjelpe folk ut av stønad eller arbeidsløyse og inn i arbeidslivet.
Statsråden var innom Valakers bakeri i Haram og Hauer Trucking i Ålesund – men det var ein invitasjon frå Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord som var årsaka til at Hauglie kom nett hit. At Burger King på Digerneset var mellom bedriftene, var ikkje tilfeldig.
– Her har dei vore spesielt aktive til å utnytte mulegheitene som finst og gi folk ein sjanse, fortel Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord (H) til NETT.NO.
Det er musikk i øyrene til statsråd Anniken Hauglie: – Vi er heilt avhengige av å ha enda fleire arbeidsgjevarar som er med på laget og opnar dørene sine, også for dei som ikkje er heilt A4, eller har utfordringar med språk eller manglande arbeidserfaring, seier ho til NETT NO.
– Alle verksemdene vi besøker i dag har gode resultat ved at fleirtalet som har vore i arbeidstrening, har fått fast jobb etterpå. Fleire fortel korleis dei først fekk arbeidstrening, deretter jobb – så kunne dei kjøpe hus, seier Hauglie til NETT NO.

Meiner fleire kan lære av Skodje

Med utanforskap i arbeidslivet som ei stadig større utfordring, ville ministaren lære kva dei har gjort her, som har gitt resultat.
– Regjeringa er opptekne av korleis vi skal inkludere fleire av dei på utsida av arbeidslivet, inn i jobb. I Skodje har dei fått til eit samarbeid mellom Nav og næringsforeininga som eg ikkje har høyrt om andre stader. Det arbeidet meiner eg fleire burde sjå nærare på, seier ho.
Hauglie fortel at ho vil reise rundt i heile landet for å få idear til korleis dei skal få fleire inn arbeid. Samstundes opplever stadig på arbeidsmarknaden.
Les meir:

– Etablert nettverk

I Skodje har næringslivet og Nav samarbeida tett og målbevisst i for å få fleire skattebetalarar i kommunen. NETT NO har mellom anna omtalt , der det har vore behov for i varehandel og logistikk dei siste åra.
– Vi har greidd å etablere eit tett nettverk mellom næringsliv, Nav og kommunen. Det er ting som kan sjå innlysande ut, men det bidrar til å smøre arbeidet og gjer at partane kan stole på kvarandre, seier Dag Olav Tennfjord.
Han seier «Skodje-metoden» i hovudsak har dreia seg om å snakke saman, lage felles møteplassar og bli kjent med kvarandre sin kvardag. Samstundes er Nav-leiaren sekretær for næringsforeininga.
– At Nav har engasjert seg i i næringsforeininga har et vore eit verkemiddel for å knytte kontakt og oppnå tillit. Slik har Nav-leiinga lærte korleis verda ser ut frå bedriftene si side, og bedriftene lærer kva for behov Nav har. Fleire i næringslivet, spesielt frå mindre bedrifter, seier det er nyttig å ha ein fast kontaktperson dei kjenner. Slik har samarbeidet vore til gjensidig nytte, seier Tennfjord.
Les meir:

Det er ting som kan sjå innlysande ut, men det bidrar til å smøre arbeidet og gjer at partane kan stole på kvarandre

Publisert: 04.06.2019 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35