Nytt
Samarbeid kan realisere Geiranger-ferje på hydrogen
Flakk Gruppen og Brødrene Aa skal utvikle ei hydrogendriven bil- og passasjerferje
18.12.2020
Fartøyet som skal utviklast kan brukast på strekninga Hellesylt-Geiranger, som i dag blir trafikkert av ei tradisjonell bilferje. Det seier Knut Flakk til NETT NO.
Målet er å ha det 60-70 meter lange fartøyet med katamaranskrog i kompositt klart i første kvartal 2023.
Støtta blir gitt gjennom Pilot-E, som er ein felles samordna finansiering i regi av Enova, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.
Målet er å ha det 60-70 meter lange fartøyet med katamaranskrog i kompositt klart i første kvartal 2023.
Million-støtte
Flakk Gruppen og samarbeidspartnarar har fått 11,8 millionar kroner i støtte frå Forskingsrådet for å utvikle prosjektet, som NETT No skreiv tidlegare i dag.Støtta blir gitt gjennom Pilot-E, som er ein felles samordna finansiering i regi av Enova, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.
Fleire partnarar
I tillegg til Flakk Gruppen og Brødrene Aa er børsnykomaren Hexagon Purus (som lagar tankar og system for lagring og transport av hydrogen), Gexcon (tryggleik- og risikoløysningar) og forskningsinstituttet SINTEF med i samarbeidet.Publisert: 18.12.2020 23:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09