Samarbeid om utsleppsfri utbygging på Flisnes
Får støtte til utsleppsfire anleggsmaskiner til utbygginga av nye barne- og avlastingsbustader på Brisingstubben på Flisnes.
Framtidslaben i Ålesund har trekt i trådane for å få til ei utsleppsfri anleggsutbygging av prosjektet på Flisnes, der det blant anna no skal nyttast el-gravemaskiner.
- Framtidslaben som nøytral arena er perfekt for å få ulike aktørar som kanskje ikkje snakkar saman til vanleg, til å møtast og sjå moglegheiter for samarbeid. Gjennom eit konstruktivt samarbeid i nettverket med framoverlente partnarar som har erfaring med slike prosjekt frå før, er dette prosjektet blitt ein realitet.
- Det er vi svært glade for, seier dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth, i ei pressemelding.
Statleg støtte
Der går det fram at Framtidslaben kopla saman aktørane Mørenett, BKK, Tafjord, Aco Anlegg, Westregruppen, Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) og kommunen.
ÅKE på sin side søkte om Klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet, og her fekk prosjektet 2,0 millionar kroner i støtte gjennom ei støtteordning til kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til utvikling av lavutsleppssamfunnet.
Midlane skal gå til å dekke ekstrakostnaden for å leige el-gravemaskiner, ladekontainer og installasjonskostnadar.
Sparer 75,5 tonn CO2
I pressemeldinga vert det opplyst at meirkostnadane for klimatiltaket er rekna til å vere om lag 2, 6 millionar kroner og klimaeffekten er 75,5 tonn CO2.
- Så vidt eg veit, så er dette det første anleggsprosjektet i regionen, seier dagleg leiar i ÅKE Bjørnar Helland.
- ÅKE kjenner til at fleire entreprenørar støttar opp om slike berekraftige løysingar, og det ser ut som om vi gjennom dette prosjektet kan vere med å bidra til å få i gang utviklinga av ein meir miljø- og klimavenleg bygg- og anleggsbransje her i regionen, seier han.
ÅKE har allereie lyst ut konkurransen på Doffin, og tar mål av seg til å prekvalifisere tre tilbydarar som skal konkurrere vidare om eit byggeoppdrag.
Publisert: 13.09.2021 09:26
Sist oppdatert: 13.09.2021 12:06