Samarbeider med politiet i utlandet
ANGREPE I SOMMAR: Verftkonsernet Vard blei i sommar utsett for eit alvorleg datangrep. Heimesida til selskapet er for tida i «maintenance mode». 
Nytt

Samarbeider med politiet i utlandet

Politiet etterforskar framleis dataangrepet mot Vard i sommar. Heimesida til konsernet er for tida i «maintenance mode».

Marius Rosbach
17.12.2020
I sommar blei Vard-konsernet blei utsett for eit som sette it-systema deira ut av spel.
Natt til 1. juni skal dei aller fleste serverar hos selskapet ha blitt kryptert, og dei tilsette mellom anna mista tilgang til e-postar.
Politiet har så langt vore tilbakehaldne med opplysningar om saka. Politiinspektør Unni Moen Vikebakk ved Møre og Romsdal politidistrikt vil framleis ikkje gå i detalj om kva etterforskinga har avdekka.

Antek at motivet var økonomisk

Vikebakk stadfestar at etterforskinga framleis er pågåande.
– Vi etterforskar breitt og internasjonalt, og samarbeider også med andre land sine politimyndigheiter, fortel ho.
Det har tidlegare kome fram at det skal ha dreia seg om eit sokalla løysepengevirus. Politiinspektøren svarar følgjande på kva dei veit om gjerningspersonane og motivet:
– Vi antek at gjerningspersonane er utanlandske, og at det kan vere eit økonomisk motiv.
Vigleik Hustadnes som leiar arbeidet med informasjonssikkerheit hos Tussa, har tidlegare forklart at eit kryptovirus er ei ondsinna programvare som krypterer data, eller dokument. Ofte blir slike angrep gjennomført ved at nokon får tilsendt ein e-post, der vedkommande klikkar på ei lenke. Det kan like gjerne skje via ei nettside, eller på sosiale media.

«Ingen kommentar»

Selskapet sjølv har ikkje svara på spørsmål eller uttalt seg om innhaldet i saka.
Svarer torsdag frå kommunikasjonsdirektør Hege Anita Akselvoll i Vard, er framleis «ingen kommentar» då NETT NO tek kontakt.
Datangrep er ei aukande utfordring for næringslivet og denne veka blei som sette heile it-systemet deira ut av drift. Torsdag viser heimesida til reiarlaget framleis ei melding om at den ikkje fungerer.

Oppmodar om openheit

Fleire fagfolk NETT NO har snakka med, har meint at bedrifter bør fortelje om kva dei opplever.
Thomas Tømmernes som leiar arbeidet med IT-sikkerhet i Atea trur mørketala er store,
– Dette er eit viktig samfunnsspørsmål. Det er dessverre altfor mange verksemder som blir utsett for datakriminalitet, som ikkje står fram, sa Tømmernes til

Les også

:


Datakrimjeger:


Vi antek at gjerningspersonane er utanlandske, og at det kan vere eit økonomisk motiv

Publisert: 17.12.2020 22:10

Sist oppdatert: 04.01.2022 16:47

Mer om