Samarbeider om energisatsing
SAMARBEID: Direktør Kari Holmefjord Vervik i Innovasjon Norge avdeling Rogaland, Mareno Nakken i Anda-Olsen, Jan Petter Urke i Ulmatec Pyro, statssekretær Dilek Ayhan frå nærings- og fiskeridepartementet og Rune Myklebust i Sperre Coolers.
Nytt

Samarbeider om energisatsing

Tre sunnmørsbedrifter og ei svensk har starta samarbeid om grøn teknologi.

09.07.2020
Bak fellessatsinga Green Technology står Søvik-selskapet Ulmatec Pyro, Sperre Coolers frå Ellingsøya, Anda-Olsen frå Ålesund og Cimeon frå Kista i Sverige.
Bedriftene har fellesstand under olje- og offshotremessa ONS i Stavanger denne veka, og vil ha det same under SMM i Hamburg 6. - 9. september, verdas største messe for den maritime industrien.

Fint besøk

Ifølgje sals- og marknadssjef Jon Åge Eidem i Ulmatec, hadde utstillarane tysdag besøk av både statssekretær Dilek Ayhan i nærings- og fiskeridepartementet og direktør Kari Holmefjord Vervik i Innovasjon Norge, avdeling Rogaland.
- Innovasjon Norge har bidratt med støtte til fleire utviklingsprosjekt til enkeltbedriftene, og har også program som støttar opp under utviklingsprosjekt som styrkar samarbeidet mellom bedrifter.
- Ayhan og Holmefjord Vervik syntest det var spennande at fleire bedrifter går saman om satsing rundt grøn energi, opplyser Eidem.

Nye patentar

Dei fire bedriftene har utvikla ei rekkje nye løysingar for å betre ta vare på og gjenbruke energi.
Innanfor Green Technology-samarbeidet inngår mellom anna Waste Energy Management System frå Ulmatec Pyro, Heat Exchangers frå Sperre Coolers, Storage of Energy frå Anda-Olsen og Power Generation from hot water waste energy frå Climeon.

Publisert: 09.07.2020 17:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00