Samarbeidsavtale om hydrogensatsing
Hav Group og Norwegian Hydrogen med på utvikling av frakteskip som går på hydrogen.
Reiarlaget Maris Fiducia Norway har inngått ein samarbeidsavtale med Hav Group sitt datterselskap, Hav Hydrogen, og med Norwegian Hydrogen.
Saman skal dei "utvikle, bygge og operere hydrogendrevne tørrlastskip i Europa", ifølgje ei pressemelding frå samarbeidspartnarane.
Skipa ei teikna av den nederlandske skipsdesignaren Ankerbeer og skal leigast ut til reiarlaget sin samarbeidspartnar Sculte & Burns.
- Dette viser vegen for korleis ein kan kome i gang med hydrogen, seier dagleg leiar Kristian Osnes i Hav Hydrogen til Nett No.
Han ventar dei første avklaringane om framdrifta i satsinga kan kome i haust.
Energisystem
Hav Hydrogen sitt bidrag i samarbeidet er selskapet si løysing for eit komplett hydrogenbasert energisystem for skip, kalla Zepods.
Norwegian Hydrogen i Ålesund er eit selskap som skal produsere og distribuere hydrogen.
Hydrogen produsert med fornybar energi gjer at skip med hydrogen som energiberar kan drivast utan utslepp av CO2.
Drivast frå Noreg
Reiarlaget Maris Fiducia driv ein flåte på over 20 tørrlastskip og tankskip.
Selskapet sitt norske datterselskap skal stå for drifta av dei hydrogendrivne skipa.
"Med forbehold om tilgang til mulige innovasjonsmidler vil Maris Fiducias valgte skipsverft bestille Zepods fra HavHydrogen for bruk om bord fartøyene.", heiter det i pressemeldinga.
Publisert: 13.05.2024 09:11
Sist oppdatert: 13.05.2024 09:11