Det islandske fisker- og industriselskapet Samherji har kjøpt 49 prosent av aksjane i Berg Lipidtech i Sula.
Islendingane har også ein rett til å å kjøpe resten av aksjane i selskapet, fortel ei pressemelding frå Samherji.
Fiskeolje
Det Sula-baserte næringsmiddel-selskapet produserer omega 3-produkt frå fiskeolje.
I 2024 fekk selskapet eit resultat før skatt på 26,5 millionar kroner av 123 millionar kroner i driftsinntekt.
Les også
Ståle Magne Berg, Anne Karin Kolberg Berg og Kjell Ove Berg er dei tre største eigarane ifølgje databasen proff.no med tilsaman 95 prosent av aksjane før salet.
«Vi ser store moglegheiter med denne investeringa. Det har vore Samherji sin politikk å maksimere verdien av råvarene i verksemda vår. Vi ser føre oss at denne investeringa vil støtte det målet, sidan det er aukande global etterspurnad etter fiskeoljeprodukt med høgt innhald av Omega-3. Vi trur Berg LipidTech har rom for betydeleg vekst, med tanke på selskapet si teknologisk avanserte produksjonsanlegg og erfarne og talentfulle tilsette som vi ser fram til å samarbeide med,» seier Sanherji-sjef Baldvin Thorsteinsson.», i pressemeldinga.
Publisert: 08.01.2026 14:31
Sist oppdatert: 09.01.2026 16:06






