Samlar krefter med hovedkontor i A Alesund
SATSAR: Styreleiar Tommy Torvanger i Nergård og Lofoten Viking.
Nytt

Samlar krefter med hovedkontor i Ålesund

Nergård-kontrollerte Lofoten Viking kjøper 40 prosent av Ålesund-selskapet Global Fish, og saman etablerer dei eit felles salsselskap i Ålesund.

21.08.2018
- Vi ser dette som ei spennande og forretningsmessig interessant løysing.
- No får vi eit fullgodt tilbod langs kysten for ringnotflåten og stor kystflåte.
Det seier styreleiar Tommy Torvanger i Nergårdkonsernet og Lofoten Viking til NETT NO.
Det nye salskontoret får namnet Global Fish Sales, og vil ha avdelingskontor i Tromsø, i tillegg til hovedkontor i Ålesund.

Omsetning på rundt 1,7 milliardar

Det nye salsselskapet vil i hovedsak omsetje pelagiske produkt frå selskapa Nergård Sild, Lofoten Viking og Global Fish.
I tillegg omfattar avtalen deler av kvitfisk og biprodukt frå Lofoten Viking.
Salsselskapet vil få ei omsetning på rundt 1,7 milliardar kroner.

- Fyller ut kvarandre

Torvanger seier at samarbeidet vil styrke marknadsposisjonen til alle tre selskapa.
- Selskapa utfyller kvarandre både råstoff- og produksjonsmessig med anlegg på Senja, Værøy og i Florø.
I Florø er det eit pelagisk anlegg under bygging, medan dagens anlegg i Egersund vert lagt ned.

- Det er samla sett ei stor satsing, seier Torvanger, som opphavleg er frå Bremanger, men bur i Tromsø.

Solid overskot

Lofoten Viking hadde i fjor ei omsetning på 810 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på solide 94 millionar kroner.
- Vi ønskjer å vekse, og det gjer vi no ved å få eit godt fotfeste lenger sør, seier Torvanger.

Fleire tilsette

Bak Global Fish står Geir Robin og broren Jan Otto Hoddevik, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dahl.
Geir Robin Hoddevik seier til NETT NO at ein kjem til å oppbemanne salskontoret i Ålesund med to-tre fleire tilsette etter at ein skal selje fisk for tre selskap.
Han seier at ein no kan tilby eit større spekter av fisk til sine kundar.
- Vi har i stor grad hatt makrell og nordsjøsild, medan Lofoten Viking har hatt mykje lodde og NVG-sild.

Etterspør også kvitfisk

Han seier at kundane, spesielt i Russland og dei tidlegare Sovjet-republikkane stadig meir etterspør også kvitfisk, som torsk, blåkveite og blåsteinbit.
- Lofoten Viking har også kvitfisk, slik at vi no kan gi eit langt breiare tilbod av fiskeprodukt til kundane.
- Vi utfyller kvarandre både geografisk og produktmessig.
Vi ønskjer å vekse, og det gjer vi no ved å få eit godt fotfeste lenger sør

Publisert: 21.08.2018 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25