Nytt
Samlar kvotar på eitt farty
Ringnotsnurparen "Christina E" får større kvote.
29.01.2016
Fiskebåtreiarlaget Ervik & Sævik overtek fiskbåten "Inger Hildur" i dag, etter ein lang prosess.
No skal kvotane på Inger Hildur førast over til Christina E.
- Vi har lagt grunnlag for å ytterlegare styrke og skape solide arbeidsplassar for mannskapet på Christina E. Etter overtakinga av kvotane frå Inger Hildur til Christina E, vil Inger Hildur bli lagt ut for sal, seier Rita Sævik og Espen Ervik, eigarane av Ervik & Sævik, i ei pressemelding.
- Det opnar for spennande år framover i lag med tilsette både om bord og på kontoret, seier Sævik og Ervik i pressemeldinga.
Reiarlaget meiner kjøpet av Inger Hildur frå Lodve Gjendemsjø i Romsdal sikrar at selskapet framleis vil vere ein viktig aktør i pelagisk næring.
- Vi har vald å vere i fiskerinæringen og har no investert for framtida, seier dagleg ledar Rita Sævik.
Christina E blir no klargjort for vintersesongen etter lodde ved Island, før den tek til med kolmulefiske.
Christina E er eit kombinasjonskip, som i tillegg til fiske også kan ta oppdrag for offshorenæringa.
Farty med kvotar på pelagiske fiskesalg har vore høgt prisa i mange år, takka vere god inntening. Det er først og fremst kvotane som er verdifulle, men for å få hand om dei må reiarane ta båten på kjøpet, slik Ervik & Sævik har gjort.
- Det er mange og tunge vurderingar som ligg bak ei investering som dette, seier Veibust til NETT NO etter kjøpet.
No skal kvotane på Inger Hildur førast over til Christina E.
- Vi har lagt grunnlag for å ytterlegare styrke og skape solide arbeidsplassar for mannskapet på Christina E. Etter overtakinga av kvotane frå Inger Hildur til Christina E, vil Inger Hildur bli lagt ut for sal, seier Rita Sævik og Espen Ervik, eigarane av Ervik & Sævik, i ei pressemelding.
Utvide kvotegrunnlaget
Ervik & Sævik har arbeidd for å utvide kvotegrunnlaget for Christina E dei siste åra. No er eigarane glade for å ha nådd målet.- Det opnar for spennande år framover i lag med tilsette både om bord og på kontoret, seier Sævik og Ervik i pressemeldinga.
Reiarlaget meiner kjøpet av Inger Hildur frå Lodve Gjendemsjø i Romsdal sikrar at selskapet framleis vil vere ein viktig aktør i pelagisk næring.
- Vi har vald å vere i fiskerinæringen og har no investert for framtida, seier dagleg ledar Rita Sævik.
400 millionar kroner
Korkje seljar eller kjøpar har sagt noko om kjøpesummen, men etter det NETT NO erfarer er den på over 400 millionar kroner, medrekna gjelda.Christina E blir no klargjort for vintersesongen etter lodde ved Island, før den tek til med kolmulefiske.
Christina E er eit kombinasjonskip, som i tillegg til fiske også kan ta oppdrag for offshorenæringa.
Farty med kvotar på pelagiske fiskesalg har vore høgt prisa i mange år, takka vere god inntening. Det er først og fremst kvotane som er verdifulle, men for å få hand om dei må reiarane ta båten på kjøpet, slik Ervik & Sævik har gjort.
Halv milliard
Fiskebåtreiar Henning Veibust i Ålesund sto i 2014 for eitt av dei største kjøpa i bransjen då han overtok eit ringnotfarty frå Øklands Fiskebåtrederi i Hordaland, eit kjøp som truleg hadde ein prislapp på rundt en halv milliard kroner.- Det er mange og tunge vurderingar som ligg bak ei investering som dette, seier Veibust til NETT NO etter kjøpet.
Publisert: 29.01.2016 12:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52