Samlar landbruket til innovasjonskonferanse
NY TEKNOLOGI: Leif Johan Holand (t.h.) i Griff Aviation demonsterer selskapet si flygande drone for næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Fredag skal Griff Aviaton viser korleis dronar kan brukast i landbruket.
Nytt

Samlar landbruket til innovasjonskonferanse

Kan flygande dronar blir eit nytt reiskap for bonden? Konferanse skal gi svar på korleis ny teknologi kan brukast i landbruket

29.10.2018
Fredag 2. november arrangerer samarbeidspartnarane Momentium, Norges Bondelag, Sparebanken Møre landbrukskonferansen Farm på Giske.
Programmet har eit tyngdepunkt i teknologi og målet er mellom anna å vise fram ny teknologi og kva den gjer mogleg for bøndene. Blant foredragshaldarane er droneselskapet Griff Aviation i Sykkylven og Nofence på Nordmøre. Nofence brukar satelittsporing for å halde dyr på plass i beiteområdet.
- Mørekysten er ein smeltedigel av industriar, innovatørar og produktutviklarar. Kunnskapen om utvikling, marknadsføring og sal til ein global marknad har skapt store verdiar. Dette er i stor grad overførbart til landbruket, og under FARM skal vi sjå på desse moglegheitene, seier Lars Berg Giskeødegård i Momentium i ei pressemelding.

Møteplass

Målgruppa for Farm er bønder, leverandørar til landbruket,innkjøparar, gründarar, industriaktørar, interesseorganisasjonar og offentlege styresmakter.På konferansen skal Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre presentere ein analyse og prognose for den økonomiske situasjonen for landbruket.
Møre og Romsdal Bondelag har også lag leiarsamlinga til Giske, i tilknytning til konferansen.
- FARM skal forsøke å gi svar på mange av dei viktige spørsmåla for landbruksnæringen, men kanskje aller mest skal konferansen vere en møteplass som koplar idear saman, skaper innovasjon og startar prosessar som kan gi matnyttige resultater, seier Berg Giskeødegård.

Nisjesatsing

Konferansen er den tredje nisjekonferansen som er lansert i Momentium-regi. I fjor kom konsert- og festivalarrangøren Momentium med sjømatkonferansen Next Wave. Den blei arrangert for andre gang i år.
18. oktober blei industridesignkonferansen IDC arrangert for første gang og komande fredag kjem landbrukskonferansen.

Publisert: 29.10.2018 09:14

Sist oppdatert: 15.12.2021 14:41

Mer om