Havila Borg
OLJEOPPSAMLING: Havila Borg ligg onsdag over skipsvraket som slepper ut olje. Illustrasjon: Marine Traffic
Nytt

Samlar opp olje frå krigsvrak

Spesialoppdrag for Havila-skip i Den engelske kanal.

10.08.2022

- Eg kan stadfeste at vi er på eit oppdrag for engelske sjøfartsmyndigheiter i Den engelske kanal. Meir kan eg dessverre ikkje seie.

Det seier Havila Shipping-direktør Njål Sævik etter at Havila-båten Havila Borg har fått eit spesialoppdrag i kanalen.

Olje frå skipsvrak
Etter det NETT NO kjenner er oppdraget knytt til at det er oppdaga olje på overflata i kanalen utanfor Ramsgate, nordaust for Calais og Dover.

Oljen stammar truleg frå eit skipsvrak frå andre verdskrigen, og det er frykt for at oljen skal kome inn til strendene på britisk side.

Onsdag var den britiske dykkerbåten NRH Thrumper ute ved Havila Borg.

Etter det NETT NO kjenner til vert det vurdert om det er muleg å tøme skipsvraket for olje.

Mange vrak
Ifølgje Wikipedia er det over 1.000 skipsvrak frå krigen utanfor sørkysten av England, der rundt 800 av desse ligg i Den engelske kanalen.

Mange er britiske og tyske, men der ligg også norske skipsvrak i kanalen.

Ifølgje skipsmeklaren Westshore er oppdraget til Havila Borg på sju dagar fast, pluss opsjonar på inntil 14 nye dagar.

Havila Borg er eit 78,6 meter langt og 17,6 meter breidt forsyningsskip, bygt i 2009. Skipet er innreidd for 23 personar.

Publisert: 10.08.2022 12:27

Sist oppdatert: 10.08.2022 13:06

Mer om