Nytt
Sanco aukar flåten
Gjerdsvik-selskapet Sanco Shipping har kjøpt seismikkskipet Atlantic Explorer frå PGS.
16.11.2017
Båten er døypt om til Sanco Atlantic, og vil gå i arbeid for PGS (Petroleum Geo Services) frå fredag av.
- Vi gjer dette fordi det er ein god båt, i tillegg til at vi trur seismikkmarknaden gradvis vil betre seg.
- I alle fall vert 2018 betre enn 2017, seier Sanco-direktør Ivar Slettevoll.
- Ja, det er ein eldre båt, men han er fulstendig ombygd og er i svært god stand, seier Slettevoll.
Marknadspris, svarar han på spørsmålet om pris.
- Men vi trur det ligg ei god forretningsmulegheit for oss i dette kjøpet.
Båten ligg no ved kai i Las Palmas, men skal i arbeid for PGS utanfor kysten av Vest-Afrika.
- Så godt som alle har sagt ja til å vere med over i Sanco Shipping, seier Slettevoll.
Etter det siste båtkjøpet har Gjerdsvik-reiarlaget åtte seismikkskip og støttefartøy for seismikk.
Fire av skipa er i arbeid for PGS.
- Vi gjer dette fordi det er ein god båt, i tillegg til at vi trur seismikkmarknaden gradvis vil betre seg.
- I alle fall vert 2018 betre enn 2017, seier Sanco-direktør Ivar Slettevoll.
- I god stand
Sanco Atlantic er 91,3 meter lang og 17,4 meter brei. Båten vart bygd ved Th. Hellesøy Skipsbyggeri i 1987.- Ja, det er ein eldre båt, men han er fulstendig ombygd og er i svært god stand, seier Slettevoll.
Marknadspris, svarar han på spørsmålet om pris.
- Men vi trur det ligg ei god forretningsmulegheit for oss i dette kjøpet.
Båten ligg no ved kai i Las Palmas, men skal i arbeid for PGS utanfor kysten av Vest-Afrika.
Overtek mannskapet
Om bord er det eit mannskap på rundt 20 personar på kvart skift.- Så godt som alle har sagt ja til å vere med over i Sanco Shipping, seier Slettevoll.
Etter det siste båtkjøpet har Gjerdsvik-reiarlaget åtte seismikkskip og støttefartøy for seismikk.
Fire av skipa er i arbeid for PGS.
Vi trur det ligg ei god forretningsmulegheit for oss i dette kjøpet
Publisert: 16.11.2017 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16