Sanco kjoeper Geco Scorpio
SANCO SCORPIO: Gjerdsvik-selskapet Sanco Shipping har kjøpt tidlegare Geco Scorpio frå Remøy Shipping.
Nytt

Sanco kjøper Geco Scorpio

Gjerdsvik-selskapet Sanco utvidar flåten, og kjøper seismisk støttefartøy frå Remøy Shipping.

06.05.2019
- Vi har ikkje arbeid til skipet no, men vi jobbar med ulike alternativ, seier adm. dir Ivar Slettevoll i Sanco Shipping.
Han opplyser at skipet vil arbeide innanfor seismikk.
- Dette er eit skip som kan brukast til ulike typer operasjonar.

Myklebust-oppgradering

Det Søviknes-bygde skipet vil no bli oppgradert ved Myklebust Verft og vil få namnet Sanco Scorpio.
Slettevoll vil ikkje opplyse noko om prisen.
- Vi hadde ein dialog med Remøy Shipping, og vart samde til slutt.

1,5 år i opplag

Det 19 år gamle skipet er 55,8 meter langt og 13 meter breidt.
Skipet skal innreiast for opptil 52 personar.
Sanco Scorpio er opphavleg bygt som støtteskip til seismikk, men har lege i opplag i Fosnavåg sidan før jul 2017, då ein langvarig kontrakt med WesternGeco vart avslutta.
Remøy Shipping opplyser i ei pressemelding at salet er ein del av selskapet sin strategiske flåteutvikling.

Publisert: 06.05.2019 16:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34