Nytt
Sandanger-søsken kjøpte fabrikk-utstyret
Sandanger Invest har kjøpt deler av utstyret i fiskeforedlingsanlegget på Moltustranda.
20.02.2019
Sandanger Invest er eigd av fire familiemedlemer i Sandanger-familien, tre søstre og ei niese. Selskapet kjøpte den delen av utstyret som blei lagt ut på tvangssal tidlegare i år, og namnsmannen kunngjorde at salet var gjennomført i ei erklæring 24. januar i år.
Prisen var på utstyret som var kjøpt i tvangsalet var 1,33 millionar kroner.
Kjøpet omfattar mellom anna kjøle- og frysekompressorar, amoniakktankar, røropplegg og system for distribusjon og av glykol og termalolje, røykeriomnar og røropplegg og vaskestasjonar.
Deler av det utstyret er seld vidare til utanforståande partar, i følgje Sandanger.
For det utstyret som er i Sandanger Invest sitt eige er det førebels ikkje avgjort kva som skal skje, men det er tre alternativ:
Sal/utleige om det blir starta ny drift i industrianlegget på Moltustranda, sal til selskap som har/skal starte drift andre stader eller sal av utstyret stykkevist og delt.
Les meir om konkursane under Relaterte saker
Eigedomen er lagt ut på tvangssal etter krav frå mellom andre Innovasjon Norge, men førebels er det ikkje kome inn eit bod som Innovasjon Norge er nøgd med. Eigedomen var eigd av selskapet Sunnmøre Eiendom Moldtu, der Edgar Sandanger er ein av eigarane.
Selskapet er no under tvangsavvikling - frå og med 8. februar - med Thore Heggen som bustyrar. Konsekvensen er mellom anna at salet av eigedomen er lagt på is, inntil bustyrar gir klarsignal for å halde fram.
Prisen var på utstyret som var kjøpt i tvangsalet var 1,33 millionar kroner.
Kjøpet omfattar mellom anna kjøle- og frysekompressorar, amoniakktankar, røropplegg og system for distribusjon og av glykol og termalolje, røykeriomnar og røropplegg og vaskestasjonar.
Seld vidare
Dagleg leiar og medeigar Anne-Britt Sandanger i Sandanger Invest seier selskapet og har kjøpt ut deler av leasingkontraktene for anna utstyr på anlegget, delvis knytt til den pelagiske verksemda på anlegget.Deler av det utstyret er seld vidare til utanforståande partar, i følgje Sandanger.
For det utstyret som er i Sandanger Invest sitt eige er det førebels ikkje avgjort kva som skal skje, men det er tre alternativ:
Sal/utleige om det blir starta ny drift i industrianlegget på Moltustranda, sal til selskap som har/skal starte drift andre stader eller sal av utstyret stykkevist og delt.
Eigedom til sals
Etter av produksjonselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood - med Edgar Sandanger som medeigar, blei slått konkurs i fjor har det ikkje vore drift i industrieigedomen på Moltustranda.Les meir om konkursane under Relaterte saker
Eigedomen er lagt ut på tvangssal etter krav frå mellom andre Innovasjon Norge, men førebels er det ikkje kome inn eit bod som Innovasjon Norge er nøgd med. Eigedomen var eigd av selskapet Sunnmøre Eiendom Moldtu, der Edgar Sandanger er ein av eigarane.
Selskapet er no under tvangsavvikling - frå og med 8. februar - med Thore Heggen som bustyrar. Konsekvensen er mellom anna at salet av eigedomen er lagt på is, inntil bustyrar gir klarsignal for å halde fram.
Publisert: 20.02.2019 10:55
Sist oppdatert: 15.06.2021 10:28