Sandberg opnar omstridt anlegg
OPNING: Fiskeriminister Per Sandberg kjem til Vågsøy for å opne Nergård-konsernet sitt nye anlegg for produksjon av fiskemjøl og fiskolje. 16 personar har fått jobb på anlegget.
Nytt

Sandberg opnar omstridt anlegg

Fiskeriminister Per Sandberg kjem til Vågsøy for opne fiskemjøl- og fiskoljeanlegget Pelagia vil ha stengt.

27.01.2016
23. februar opnar Nergårdkonsernet sitt nye anlegg for produksjon av fiskolje og -mjøl på tomta til tidlegare Ulvesund Fôrmelfabrikk i Vågsøy. Den første fisken kan bli køyrd gjennom anlegget i neste veke. Prislappen på anlegget er minst ein kvart milliard kroner.
Opninga er det fiskeriminister Per Sandberg som skal stå for, stadfestar Nærings- og fiskeridepartementet.
Det er ikkje Pelagiasjef Egil Magne Haugstad så begeistra for.
- Eg vil tru det beror på mangelfull informasjon om kva som er faktum i denne saka, seier Haugstad.

Anka til langmannsretten

Pelagia meiner det er ein klausul på eigedomen, som gjer at det ikkje kan drivast ein fiskemjøl- og fiskeoljefabrikk der. Selskapet , men har anka til lagmannsretten.

Ankesaka kjem opp i Gulating Lagmannsrett i Bergen 30. mai i år.

Tapte fullstendig

Utgangspunktet for striden er tomta som tidlegare husa Ulvesund Fôrmelfabrikk, som vart seld av Welcon til dåverande Welcon-tilsett Arne Stang i 2009. Welcon vart seinare ein del av Pelagia og Stang er no stor aksjonær i Nergård-konsernet. (Les meir om aktørane i fakta-ramme)
Spørsmålet er om det følgde ein klausul med på kjøpet, som gjer at Nergårdkonsernet ikkje kan drive den planlagde fabrikk på eigedomen.
Det er ingen slik klausul, meiner Stang, og fekk medhald i tingretten ifjor. "Pelagia har tapt saken fullstendig" heitte det i dommen.

16 tilsette

Etter dommen kom ifjor har Nergård-konsernet arbeidd vidare med å reise anlegget. Planen er å ta i mot fisk for prøveproduksjon neste veke, og vere i full drift til opninga.
Konsernsjef Tommy Tommy Torvanger i Nergård-konsernet seier det er tilsett 16 personar på anlegget. I høgsesongen blir det skiftproduksjon for å få unna fisken.

Han ser fram til at fiskeriministeren opnar anlegget.
- Det syns vi er kjempestas, seier Torvanger.

Arva oppdraget

Sandberg arva oppdraget frå sin forgjengar, Elisabeth Aspaker.
Torvanger seier selskapet heile tida har spelt med opne kort om konflikta rundt selskapet, og meiner Sandberg si rolle under opninga ikkje vil ha noko betydning for rettsaka mellom Pelagia og Nergård-konsernet.
Det syns vi er kjempestas

Publisert: 27.01.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52