Larsnes ferjekai
SKATTEPARADISET: Om formannskapet i Sande kommune i neste veke tilrår å kutte i den kommunale andelen av formuesskatten må kommunen truleg bu seg på å få merkelappen skatteparadis, slik Bø kommune i Vesterålen fekk då den reduserte formuesskatten i 2020. Foto: Svein Bjørnevoll/Wikimedia Commons/
Nytt

Sande kan kutte i formuesskatten

- Veldig interessant å sjå på, seier ordførar Olav Myklebust (Sp).

04.11.2022

Tysdag 8. november skal formannskapet i Sande diskutere om kommunen skal gjere som Bø i Vesterålen og redusere den kommunale formuesskatten for å lokke til seg kapitalsterke innflyttarar.

Ideen bak eit slikt kutt er både at innflyttarane vil bidra med skatteinntekter og i tillegg bidra med ny næringsaktivitet i kommunen.

- Det er veldig interessant å sjå på. I vår økonomiske situasjon er det slik at det ligg veldig godt til rette for å innføre noko slikt, seier ordførar Olav Myklebust.

Kan kutte til null
Kommunedirektøren i Sande legg fram saka for formannskapet utan tilråding, men skriv i saksdokumenta til formannskapet at: "Dersom kommunestyret ønsker å sette ned formuesskatten frå og med 2024 med det formål å gjere seg attraktiv, er det viktig å sette formueskatten så mykje ned at Sande vert vurdert som eit attraktivt alternativ. Ein bør vurdere å sette formueskatten ned til minimum 2 promille (0,2 prosent, red merk), likt nivå som Bø kommune."

Den kommunale andelen av formuesskatten er på maksimalt 0,7 prosent, og det er denne kommunane - førebels - har rett til kutte i, heilt ned til null.

Kommunestyret i Sande skal avgjere saka seinare i haust.

Kan bli stoppa
Eit utval som Solberg-regjeringa oppnemnde har tilrådd at kommunen ikkje lenger skal kunne avgjere om den kommunale andelen av formuesskatten kan reduserast. Tilrådingane frå utvalet er ikkje ferdig behandla i Stortinget, men utfallet kan blir at kommunane frå og med 2024 ikkje lenger kan endre formuesskatten, ifølgje kommunedirektøren sitt saksframlegg.

Skjer det vil eit eventuelt kommunalt kutt i formuesskatten i Sande vere stoppa før det kjem i gang.

Publisert: 04.11.2022 14:41

Sist oppdatert: 05.11.2022 10:00