Sandsoey bedrift utvidar
SANDSØYA: Haugstad frå Haugsbygda og Frants frå Gjersdvika leverer fisk ved Sandefisk. No skal det utvidast. Dei nye produksjonslokala kjem til venstre på bildet.
Nytt

Sandsøy-bedrift utvidar

Sandefisk med sin største satsing nokon gong.

21.04.2020
- Vi satsar 20 millionar kroner. Det er den største enkeltinvesteringa som nokon gong er gjort på Sandefisk.
Det seier dagleg leiar Gjermund Bringsvor ved Sande-bedrifta.
Totalt skal det byggjast eit nytt produksjonslokale på 600-700 kvadratmeter, slik at ein totalt kjem opp i rundt 2.400 kvadratmeter.
- Vi håpar å kome i gang med bygginga i sommar, seier Bringsvor.

Automatisering

I tillegg skal det investerast i automatisert sløyelinje.
- I dag skjer mesteparten av dette arbeidet manuelt. Det vert ei stor endring å få på plass ei automatisk linje for sløying av fisken.
Bringsvor seier at satsinga vert gjort for å auke volumet, spesielt med tanke på å kunne ta imot meir sei frå not- og snurrevadflåten.
- Vi har litt laber tilgang på råstoff i sommarsesongen, men no vil vi opne opp for å ta imot betydelege mengder med sei.

Jamnare produksjon

Han seier at dette vil føre til mykje jamnare produksjon ved det som er hjørnesteinsbedrifta på Sandsøya.
- Ja, vi satsar, og håper også at lokalpolitikarane vil støtte opp under ei slik satsing med gode rammevilkår.
I dag er det vel 20 tilsette ved Sandefisk.
- Truleg vil vi auke talet litt, i tillegg til at det vert jamnare tilgang til arbeid enn vi tidlegare har hatt.

To utfordrande v-ar

I fjor omsette Sandefisk for rundt 80 millionar kroner.
Hittil i år seier Bringsvor at ein har fått utfordringar med to v-ar.
- Først hadde vi problem med vêret, og så fekk vi virusproblema.
- Trass desse utfordringane har vi klart å halde budsjettet omsetningsmessig.
Han ser no fram til ein periode med godt vêr.
- Vi forventar å ta imot mykje fisk dei komande dagane, så her er det no optimisme og full produksjon, seier Bringsvor.
Vi forventar å ta imot mykje fisk dei komande dagane, så her er det no optimisme og full produksjon

Publisert: 21.04.2020 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56