Sandsøy Servicebåt blir Abyss-selskap
Blir ein del av eitt av dei store arbeidsbåtreiarlaga i Noreg.
Med oppkjøpet av Sandsøy Serviceservicebåt får Abyss Group i Kristiansund ein flåte på 35 ulike typar arbeidsbåtar, med bedrifter i oppdrettsnæringa som viktigaste kundar.
I løpet av første halvår vil fleire båtar som er under bygging bli levert, og selskapet vurderer også bruktkjøp.
I tillegg arbeider Abyss Group for å bli landsdekkande, og kjøpet av Sandsøy Servicebåt blir ikkje det siste, seier dagleg leiar og medeigar Victor Jensen.
Henta kapital
I samband med at Akva Group sitt selskap AKVA Marine Services fjor vart slått saman med Abyss Group gjekk eit investeringsfond etablert av selskapet Icon Capital inn med 100 millionar kroner i eigenkapital i Abyss Group og vart største eigar. Kapitalutvidinga kan utvidast.
Tidlegare Salmarsjef Leif Inge Nordhammer var aksjonær frå før, og er med på kapitalutvidinga.
Sjef frå Stad til Hustadvika
Dagleg leiar Aksel Ivan Bringsvor i Sandsøy Servicebåt seier prisen for selskapet er slik at "begge partar er fornøgde".
Han reinvesterer ein del av kjøpesummen i Abyss Group, og held fram i bransjen som leiar for Abyss Group si verksemd mellom Hustadvika og Stad. I tillegg til Sandsøy Servicebåt sine tre arbeidsbåtar og eine mannskapsbåt vil han få ein dykkarbåt og ein notvaskarbåt inn i porteføljen.
Det var avisa Vestlandsnytt som skreiv om salet først.
Fleire tilsette
I dag har han 22 i arbeidsstokken, med nye båtar blir det 10-12 til.
Fordelen med å vere ein del av eit større selskap er mellom anna at det gjer det råd å vere med i konkurransen om større oppdrag,.
- Vi sel ikkje for å avvikle, men for å styrke selskapet, seier Bringsvor.
Servicebasen for Sandsøy Servicebåt er på Sandsøya, men skal flyttast til Ulsteinvik, der kontoret er.
Publisert: 12.01.2022 15:51
Sist oppdatert: 12.01.2022 15:41