Vekst paa Vigra ned paa Hovden og Anda
STREIK: Flyavgangane til SAS er venta å bli kraftig påverka av pilotstreiken dei neste dagane. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

SAS-pilotane går ut i streik

Vil ramme store delar av flytrafikken.

Marius Rosbach
04.07.2022

Over 900 SAS-piloter går ut i streik, opplyser SAS-sjef Anko van der Werff til pressen måndag ifølgje E24.no.

Det vil trolig ramme kring 60 prosent av alle flyselskapet sine avgangar dei neste dagane, viser en oversikt frå VG. Til saman opp mot 250 avgangar og 45.000 reisande i kan bli råka kvar dag, ifølgje nyheitsbyrået TT.

Konflikt kring bemanningsselskap
Kjernen i konflikten er skipinga av to bemanningsselskap.

Då pandemien ramma, mista rundt 560 pilotar jobben. Samtidig vart dotterselskapa SAS Link og SAS Connect oppretta. Desse skal overta fly og fyllast med nye pilotar.

Pilotforeininga ønskjer ei forsikring om at medlemmene deira får dei nye arbeidsplassane.

Har mekla på overtid
Partane har mekla sidan 13. juni. Opphavleg gjekk fristen ut natt til onsdag, men han vart då utsett til midnatt fredag. Kort tid etter at den nye fristen gjekk ut, vart den igjen forlengt til laurdag kl. 11.

Laurdag vart fristen utsett til måndag klokka 12. Partane sa då at dei framleis hadde håp om å semjast.

Roger Klokset i Norske SAS-flygarars foreining har varsla at dei er villige til å la SAS gå konkurs, og at dei kjempar ein prinsipiell kamp for grunnleggjande rettar for arbeidstakarar i Norden.

Saka blir oppdatert

Publisert: 04.07.2022 12:27

Sist oppdatert: 04.07.2022 12:37