Fredrik Bakke Synste
SATSA: Fredrik Bakke vart tilsett som redaktør og dagleg leiar i Synste Møre i fjor. Han har satsa trass annonsefall. Foto: Synste Møre
Nytt

Satsa under pandemien

Avisa Synste Møre hadde i fjor stor annonsesvikt, men den unge redaktøren satsa både på ny journalist og ny nettside.

18.06.2021

- Når ein veit at vi miste mykje annonseinntekter i fjor, synst eg det økonomiske resultatet likevel er bra.

Det seier redaktør og dagleg leiar Fredrik Bakke i avisselskapet i Vanylven.

26-åringen frå Otta overtok i mars i fjor etter Vidar Parr, som hadde vore redaktør i 20 år.

Mykje arbeid
Bakke hadde då bak seg eitt år ved medielinja i Volda.

Han seier at det har vore ei spennande, men krevjande tid.

- Det har vore mykje arbeid og mykje å setje seg inn i.

- Eg kjende heller ikkje så godt til Vanylven før eg starta i stillinga.

Ny nettside
Bakke seier at Parr stilte opp og hjelpte han i innkøyringsfasen.

- Det var viktig.

Men undervegs har Bakke tilsett ny journalist i 80 prosent stilling, slik at det no er 3,8 årsverk i selskapet.

I tillegg har det vorte satsa på ny nettside.

- Lesarane ser ut til å like denne satsinga.

Fredrik Synste 2
FISKÅ: Redaktør Fredrik Bakke hoppa av studier i Volda og sa ja til redaktørjobben i Vanylven i mars i fjor. Han seier at det har vore mykje arbeid og mykje å setje seg inn i. Foto: Synste Møre
Det har vore mykje arbeid og mykje å setje seg inn i
Fredrik Bakke
Synste Møre
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 3,9 4,3
Driftsresultat 0,2 0,4
Resultat før skatt 0,2 0,4

Annonsefall
Synste Møre omsette i fjor for 3,9 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 0,2 millionar, begge deler litt svakare enn året før.

Bakke er optimistisk.

- Vi har hatt kostnader til ny nettside og til ein ny journalist heile året. Derimot ser det ut til at annonseinntektene vil auke, det same med antal abonnentar.

- Ved opplagsteljing etter første halvår 2020 gjekk vi attende med 37. Etter andre halvår gjekk vi fram med tre.

Lokalt eigd
Synste Møre har ein samla eigenkapital på knappe 0,7 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 550.000 kroner.

Avisselskapet har ti lokale aksjonærar. Størst er tidlegare redaktør Vidar Parr med 20 prosent. Bjørnar Osnes og Ole Magne Kvalsvik har kvar 16,6 prosent, medan Heidi Osnes og Harald Nordal kvar eig 10 prosent av avisselskapet.

Publisert: 18.06.2021 14:30

Sist oppdatert: 18.06.2021 15:09

Mer om