Satsar 10 millionar paa reiseliv
REISELIVSATSING: Ole Henrik Uri og Mathilde Knutsen Uri driv tre campingplassar, eitt gjestegiveri og har kjøpt og skal restaurere eit gamalt hotellbygg i Valldal.
Nytt

Satsar 10 millionar på reiseliv

I løpet av tre år har Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri investert rundt 10 millionar kroner i campingplassar og gjestehus. 

28.07.2018

Paret kjøpte Sjøholt Camping i 2015 og Volsdalen Camping i 2016. I tillegg driv dei Valldal Camping saman med foreldra til Ole Henrik. Den har mellom anna utvida kapasiteten, med plass for gjestar som kan halde eigne arrangement utan å sjenere resten av gjestane.

I fjor etablerte dei selskapet Valldal Gjestgiveri, som driv gjestgiveri med ni rom i Valldal sentrum.

Det siste tilskotet i porteføljen, er kjøpet av bygget som tidlegare husa Sylte Hotell i Valldal. Sylte Hotell blei etablert i 1870, men har ikkje vore drive som hotell sidan 60-talet.

No skal det pussast opp.

- Det blir overnatting, seier Mathilde Knutsen Uri. Det er ho som har ansvaret for gjestgiveriet og utviklinga av hotellbygget.

Vekstvinnar
Dei siste åra er det camping som har vore vekstvinnar i reiselivsnæringa.

I Møre og Romsdal auka talet på overnattingsgjestar på campingplassane med 33,3 prosent frå juli 2015 til juli 2016. Frå juli 2016 til juli 2017 var auken 18,3 prosent.

Les også: Camping tek kaka

Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri har fått opp inntektene til Sjøholt og Volsdalen Camping. (Dei må sjåast i samanheng for å få det rette biletet, sidan selskapet Sjøholt Camping også sto for drifta av Volsdalen Camping i 2016.)

Til saman auka inntektene for dei to campingplassane frå 5,7 til 6,4 millionar kroner, og overskotet før skatt frå 1,2 til 2,5 millionar.

Både Sjøholt Camping, Volsdalen Camping og driftsselskapet Valldal Gjestgiveri er eigd gjennom selskapet Uri as, der også Jon Hallgeir Uri er medaksjonær.

Sprengt campingkapasitet
Etter at dei tok over Volsdalen Camping lukkast dei fort med å få opp trafikken.

I høgsesongen er det stor mangel på campingkapasitet i Ålesund.

- Den er fullstendig sprengt. Kjem du etter klokka tre er det for seint, seier Mathilde Knutsen Uri. Ho anslår at dei lett ville fylle opp campingplassen i Volsdalen i toppsesongen, også om den var dobbelt så stor.

Vintercamping
Campingplassen i Valldal held ope i sommarsesongen, der gjestar med langtidsleige for campingvogner dominerar.

Dei to andre campingplassane er opne heile året, der marknaden utanom turistsesongen er folk som er på langvarige arbeidsoppdrag i området og treng ein plass å bu.

I tillegg til plass til telt og campingvogner har Sjøholt Camping fem store og åtte små hytter. Sjøholt Camping har óg fire leilegheiter. Volsdalen har 13 dobbeltrom og 16 hytter til utleige.

Konsolidering
Tom Anker Skrede, dagleg leiar for reiselivsselskapet Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, seier det er gryande tendensar til ei konsolidering i campingbransjen.

- Det er heilt klare teikn på at fleire og fleire tenkjer stordriftsfordelar med å ha meir enn ein campingplass, seier Skrede.

Gevinsten ligg mellom anna i at det blir råd å utnytte arbeidsstokken betre og at evna til å drive booking og oppfølging av kundane aukar.

I følge Skrede kan det vere nye aktørar på veg inn i campingbransje på Sunnmøre.

- Vi har nokre større aktørar som ser på regionen vår som eit potensiale for camping og caravan, seier Skrede.


Publisert: 28.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 08.07.2022 15:23