Nytt
Satsar 80 millionar kroner på Fjordlab
Som ein del av Ocean Space-satsinga satsar NTNU 80 millionar kroner på Fjordlab-satsinga.
21.06.2018
- Det ligg enorme mulegheiter i denne satsinga for regionalt næringsliv, fastslo instituttleiar Hans Petter Hilde ved NTNU i Ålesund under Fosnavågkonferansen torsdag.
Han opplyste at det skal byggjast opp eit senter der det skal forskast innanfor ei rekkje område.
- Det skal gjennomførast vindmålingar, oceanografiske målingar, fullskala testsenter for navigasjon av AUV-ar og måling av støy.
- Det vert også ein marinbiologisk målestasjon, sa Hildre.
- Dette vert stort og viktig, sa Hildre om prosjektet som NTNU og Runde Miljøsenter har tatt initiativet til.
Leif Vartdal ved Rolls-Royce opplyste at selskapet alt har fått mykje kunnskap frå dei oceanografiske databøyer som i dag ligg i Breisundet og Storfjorden.
- Vi har mellom anna lært meir om skipsdynamikk, om utstyr og om skrog.
Sentralt i satsinga er frakteskipet Kvitbjørn som får montert utstyr i baugen som kan måle straumforholda i havet..
- Kvitbjørn er allereie eit unikt instrumentert fartøy, som vert endå meir unik når vi ser ned i havromet og loggar straum.
Partnerarar i InnoCurrent-prosjektet er Runde Miljøsenter, NTNU, Nortek, Havforskingsinstituttet, Meteorologisk Institutt og Fjord Shipping
Prosjektet går over tre år og er støtta av Forskingsrådet.
Han opplyste at det skal byggjast opp eit senter der det skal forskast innanfor ei rekkje område.
- Det skal gjennomførast vindmålingar, oceanografiske målingar, fullskala testsenter for navigasjon av AUV-ar og måling av støy.
- Det vert også ein marinbiologisk målestasjon, sa Hildre.
Mykje testutstyr
Som ein del av testinga skal det leggjast ut mykje utstyr. I tillegg trengst det fleire servicefartøy.- Dette vert stort og viktig, sa Hildre om prosjektet som NTNU og Runde Miljøsenter har tatt initiativet til.
Leif Vartdal ved Rolls-Royce opplyste at selskapet alt har fått mykje kunnskap frå dei oceanografiske databøyer som i dag ligg i Breisundet og Storfjorden.
- Vi har mellom anna lært meir om skipsdynamikk, om utstyr og om skrog.
InnoCurrent
No skal selskapet i gang med prosjektet som er kalla InnoCurrent.Sentralt i satsinga er frakteskipet Kvitbjørn som får montert utstyr i baugen som kan måle straumforholda i havet..
- Kvitbjørn er allereie eit unikt instrumentert fartøy, som vert endå meir unik når vi ser ned i havromet og loggar straum.
Partnerarar i InnoCurrent-prosjektet er Runde Miljøsenter, NTNU, Nortek, Havforskingsinstituttet, Meteorologisk Institutt og Fjord Shipping
Prosjektet går over tre år og er støtta av Forskingsrådet.
Publisert: 21.06.2018 21:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23