Satsar kvart milliard i O Ersta
BLIR BUSTADAR: Mørebil sitt kontor- og verkstadbygg i Ørsta sentrum er borte. Slik ser utbyggarane for seg at tomta skal byggast (tomta ligg midt i biletet) Her skal det bli rundt 90 leilegheiter her, dei høgaste i åttande etasje, om investorane bak utbyggingsplanane får det som dei vil. 
Nytt

Satsar kvart milliard i Ørsta

Planlegg 90 leilegheiter i sentrum.

29.06.2017

Vartdal Plast-aksjonærane Jan Endre og Sindre Vartdal, kjøpmann og eigedomsinvestor Arne Johan Rebbestad og grossistselskapet H.I. Giørtz Sønner i Ålesund har ein tredjepart kvar i den planlagde bygginga av rundt 90 leileigheiter sentrumstomta der busselsskapet Mørebil tidlegare hadde kontor og verkstad.

Prisen på utbygginga blir rundt 250 millionar kroner anslår Jan Endre Vartdal. Det er snakk om to bygg, som blir delt opp i fleire høgder, frå to til åtte etasjar. Det er først og fremst bustadsbygg, men på gateplan er det tenkt 1000-1500 kvadratmeter til næringslokale.

Stor utbygging
Bustadane vil variere mellom 85 og 120 kvadratmeter. No håpar Jan Endre Vartdal at bustadkjøparane let seg friste. Investorane har ikkje talfesta kor mange husvere som må seljast før dei kan sette i gang med utbygginga, men dei må vere trygge på at husvera går unna.

- Det er ei tung investering som fordrar interesse, seier Vartdal.

Kjøpt for 6,5 millionar
Den fem mål store tomta vart kjøpt for 6,5 millionar kroner av Rebbestad/H.I . Gjørtz Sønner i 2014. Seinare kom Sindre og Jan Endre Vartdal inn gjennom sitt investeringselskap Brødrene Vartdal.

Les også: Giørtz og Rebbestad fekk Mørebil

Etter kjøpet er det Mørebil-bygget rive og det er rydda opp og avklart ansvaret for grunnen. Tomta har vore hatt verkstad og bensinstasjon på seg.

Det er Asplan Viak som har teikna framlegget korleis tomta skal byggast ut. Fem arkitektkontor var med i konkurransen.

Publisert: 29.06.2017 16:45

Sist oppdatert: 17.05.2024 01:24

Mer om