Satsar meir paa Storbritannia etter brexit
FORDEL: At Storbritannia gjekk ut av EU har gitt Coldwater Prawns of Norway ein fordel samanlikna med grønlandske konkurrentar, seier Coldwater Prawns of Norway-sjef Knut Helge Vestre.
Nytt

Satsar meir på Storbritannia etter brexit

Coldwater Prawns of Norway satsar meir i Storbritannia etter at grønlandske konkurrentar har fått det tøffare etter brexit. 

01.02.2021
Coldwater Prawns of Norway i Ålesund har nettopp tilsett Chris Harris som leiar for salet av norske reker til den britiske daglegvaremarknaden. Harris har 25 års leiarerfaring i den britiske sjømatnæringa.
Ein av grunnane til at Harris er tilsett er at Storbritannia gjekk ut av EU ved årsskiftet. Det opnar og skaper nye sjansar for Coldwater Prawns of Norway, fordi konkurrentane i Grønland no får ein toll på 20 prosent på rekene sine, seier dagleg leiar og medeigar Knut Helge Vestre i Coldwater Prawns of Norway.
Den norske avtalen med Storbritannia legg ikkje toll på norske reker, så langt. Noreg er i forhandlingar med Storbritannia.

Kontroll på verdikjeda

Ei annan medverkande årsak til auka satsing i Storbritannia er at daglegvarekjedene etterspør leverandørar som har kontroll på heile verdikjeda, frå fangst og fram til butikken, seier Vestre.
Den kontrollen har Coldwater Prawns of Norway. Tre fiskebåtreiarlag, som fiskar reker, er med på eigarsida. Produksjonen foregår i selskapet sine eigne anlegg på Senja og selskapet har og eit sals- og distribusjonsapparat.
Koronaepidemien har gitt eit kraftig fall i etterspørselen frå restaurantmarknaden og ein vekst i daglegvaremarknaden, som også gjer at Coldwater Prawns of Norway aukar satsinga mot den britiske daglegvaremarknaden.

Full drift

- 13. mars, etter at Erna stengte landet, bestemte eg og ho som er nestsjef at vi ikkje skulle tenke permittering, men kun sal, sa Vestre til NETT NO i mai 2020.
Sal til hotell- og restaurantmarknaden utgjorde 40-50 prosent av driftsinntektene før den verdsomspennande koronaepidemien kom, men Coldwater Prawns of Norway greidde å meir enn erstatte salssvikten i hotell- og restaurantmarknaden med auka sal til daglegvarebutikkane.

Publisert: 01.02.2021 13:03

Sist oppdatert: 22.03.2021 12:42