Nyetablerte Sunnmøre Outdoor i Ørsta spring ut av enkeltmannsforetaket Notøy Surf og Ski Import, som Geir Ståle Notøy etablerte heime i Fosnavåg i 2015.
Han har hatt Kanariøyane som base i 25 år, og reiste verda rundt som assistent i det internasjonale vindsurfingsirkuset. Ein oppvekst med mykje ski var i tillegg utgangspunktet for at han byrja i sportbransjen på si, etter han vende heim til Fosnavåg. Sidan har han kombinert det med jobben som Equinor-tilsett på oljeplattform.
No har Notøy fått fleire med seg i satsinga på å etablere ein ny nisjebutikk i eit tidlegare fabrikkbygg i Ørsta sentrum. Planen er at det både skal vere ein butikk retta mot ski og turinteresserte, og ein møteplass for folk med ski og tur som hobby.
Kompetansesenter og hub
I andreetasjen er det plass for arrangement og kurs. Notøy seier selskapet satsar på samarbeid med alle turguideselskapa i området. Dei har og eit samarbeid med skianlegget på Stranda, der folk kan få prøve eitt at skimerka til butikken, Dps. Eit kompetansesenter og ein hub for tur- og fjellinteresserte, i tillegg til ein butikk, er det han ønsker å skape.
Frå Fosnavåg i Herøy har Notøy forsynt kundar direkte, og levert til kundar som bestiller på nett. Han reknar med å halde på eksisterande kundar, og samstundes vinne nye med ei plassering meir sentralt i høve til fjell og fjellturmiljøet.
Lukkast med Instagram-satsing
Elias Reite og Truls Paulsen, også frå Herøy, kontakta Notøy i fjor og spurte etter passordet til Instagram-kontoen hans, med beskjed om at «du kan ikkje det her Instagram-livet».
Notøy gav frå seg passordet, Reite og Paulsen fekk sving på Instagram-kontoen - og salet skaut i veret. Dei har og ansvaret for testing av utstyr.
No er begge to med på eigarsida i Sunnmøre Outdoor.
Fleire medeigarar
Christian Stokkevåg frå Ørsta er butikksjef og medeigar. Han har tidlegare arbeidd i Platou Sport i Ålesund.
I tillegg er Tonje Ytrebø frå Ulsteinvik og Jan Peder Hoggen frå Volda med på eigarsida. Hoggen er aktiv turgåar og Røde Kors-medlem, som mellom anna har vore leiar for Norges Røde Kors si ressursgruppe for skred.
Ein tilsett
I første omgang er Stokkevaag einaste heiltidstilsette. Notøy seier dei har budsjettert forsiktig, men at dei samstundes er optimistar med bakgrunn i mange gode tilbakemeldingar på etableringa.
Dei opnar butikk i ei tid med stigande rente og forbrukarar som er meir forsiktige med å opne lommeboka.
– Det var vi fullt klar over allereie då vi starta. Viss du startar i nedgangstider og får det til no, blir det betre etterpå, seier Notøy.
Publisert: 21.12.2023 05:00
Sist oppdatert: 20.12.2023 16:08