Satsar paa trolsk fangehol i Valldal
VALLDAL: Førebels er det ein byggeplass, men til sommaren opnar Gro Marita Stennes Valdal «TrollDungeon» i desse lokala. Oversett til norsk betyr namnet noko slikt som «troll-fangehol».
Nytt

Satsar på trolsk «fangehol» i Valldal

Nytt innandørs aktivitetstilbod skal utfordre nervane og intelligensen til deltakarane - og forhåpentleg skape heilårsarbeidsplassar.

Marius Rosbach
03.02.2021

Til sommaren kan Valldal by på ein ny attraksjon for tilreisande og fastbuande med «TrollDungeon» i sentrum av bygda.

Gro Marita Stennes Valdal står bak konseptet som er ein vri på det klassiske «room escape»-konseptet, og vil halde til i 2. etasje av Kulå Bowling.

– «Room escape» går tradisjonelt ut på at ein blir stengt inne i eit rom og skal klare å kome seg ut innan ein time ved hjelp av å løyse oppgåver. Vi har vidareført dette og lagt til nokre skremmande element, fortel ho til NETT NO.

Ho beskriv ei eventyrverd med ein labyrint, «hemmeleg hage» og luskande troll - i tillegg til andre effektar. Opninga i det kring 200 kvadratmeter store lokalet er planlagt i månadsskiftet mai/juni.

Har leigd ut troll i fleire år
Fleire vil hugse at opplevingsgründeren allereie for nokre år sidan skapte Trollstadtrolla, som ho har leigd ut via eige selskap. Oppdraga har vore varierte. Flest har truleg sett trolla ved Valldal Aktivitetspark – der Gro Marita Valdal også jobbar og er medeigar.

nettnohalf

– Dette blir ein form for tilleggsaktivitet til parken sine aktivitetar utandørs, og det vil vere naturleg å ha felles marknadsføring og pakketilbod, fortel Valdal.

Det nye opplevingstilbodet er ikkje rekna for dei aller yngste, men Valdal trur det vil passe frå åtteårsalderen og oppover. Dei yngste kan også ha med seg ein vaksen.

Håpar på heilårsarbeidsplassar
Turistbygda har mykje aktivitet sommarstid – men det meste skjer utandørs. Difor trur Valdal det vil vere eit godt tilskot med ein innandørs aktivitet som «TrollDungeon».

Ei utfordring for mange av aktivitetstilboda i Valldalen har også vore at det er mykje å gjere sommarstid, men lite elles i året.

– Målet er at dette kan vere ein aktivitet som kan ha ope større delar av året, slik at det er mogleg å skape heilårs arbeidsplassar, fortel Valdal.

Koronautfordringar
På grunnplan i bygget held Kulå Bowling til, og gründeren håpar at dei kan dra fordelar av kvarandre. Serveringsstaden har hatt eit utfordrande år som følgje av koronapandemien. No i vinterhalvåret har dei ope i helgane.

– Det tøffe tider for mange som følgje av korona, men eg bygger dette her i tru på at situasjonen vil begynne å normalisere seg til sommaren, legg Valdal til.

Les også: «Alle» vil til fjells

Spår reiselivsvekst - på vilkår

«Familiesamvirke» bak aktiv satsing

Tital millionar til omstilling i Geiranger

Rekordmange gründerar - dette er fellene du bør unngå


Målet er at dette kan vere ein aktivitet som kan ha ope større delar av året, slik at det er mogleg å skape heilårs arbeidsplassar

Publisert: 03.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 26.07.2022 10:55