Fleire fiskarar legg om frå å bruke garn til å bruke snurrevad i fisket. Det er grunnen til at utstyrsleverandøren Frøystad i Herøy har gått i kompaniskap med snurrevad-ekspert Roy Arnfinn Olsen og etablert Frøystad Finnsnes as.
Frøystad Finnsnes skal eigast 80/20 av Frøystad og Olsen. Frøystad flyttar snurrevadverksemda si over i det nye selskapet.
Per Frøystad i Frøystad seier snurrevad-marknaden gir selskapet fire-fem millionar kroner i inntekter, omlag ein tidandepart av den samla driftsinntekta til Frøystad i dag. (Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida)
Fram til no har Frøystad berre seld tau til snurrevad. No skal selskapet levere nøter og komplett utstyr til snurrevadfiske.
Selskapet på Finnsnes i Troms skal også selge anna utstyr frå Frøystad.
Roy Arnfinn Olsen har dei ti siste åra vore avdelingsleiar hos Frøystad-konkurrenten Selstad si avdeling på Senja.
Det var Per Frøystad som selde aksjane. Han eig 15 prosent av selskapet etter salet og gjekk over i ei deltidsstilling som rådgivar. Dei andre aksjonærene er salssjef Hallgeir Frøystadvåg med 25 prosent og innkjøp- og logistikksjef Cherry He Li med 15 prosent.
Frøystad Finnsnes skal eigast 80/20 av Frøystad og Olsen. Frøystad flyttar snurrevadverksemda si over i det nye selskapet.
Per Frøystad i Frøystad seier snurrevad-marknaden gir selskapet fire-fem millionar kroner i inntekter, omlag ein tidandepart av den samla driftsinntekta til Frøystad i dag. (Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida)
Vekst-selskap
Innan to-tre år er forventninga at Frøystad Finnsnes skal ha ei driftsinntekt på 20-25 millionar kroner, ifølgje Per Frøystad. Det nye selskapet skal vere i drift frå tidleg neste år.Fram til no har Frøystad berre seld tau til snurrevad. No skal selskapet levere nøter og komplett utstyr til snurrevadfiske.
Selskapet på Finnsnes i Troms skal også selge anna utstyr frå Frøystad.
Roy Arnfinn Olsen har dei ti siste åra vore avdelingsleiar hos Frøystad-konkurrenten Selstad si avdeling på Senja.
Bakke største eigar
Tidlegare konsernsjef i Havyard, Geir Johan Bakke, kjøpte 45 prosent av Frøystad AS og blei samstundes både dagleg leiar og styreleiar i selskapet.Det var Per Frøystad som selde aksjane. Han eig 15 prosent av selskapet etter salet og gjekk over i ei deltidsstilling som rådgivar. Dei andre aksjonærene er salssjef Hallgeir Frøystadvåg med 25 prosent og innkjøp- og logistikksjef Cherry He Li med 15 prosent.
Publisert: 03.09.2020 06:00
Sist oppdatert: 01.03.2021 13:48