Satsar paa ekspedisjonscruise med Vard skip
LEVERES I 2022: Viking Octantis skal leverast frå Vard Søviknes innan starten av 2022. I august same år skal systerskipet leverast. 
Nytt

Satsar på ekspedisjonscruise med Vard-skip

Viking Cruises inn i ny marknad med to milliardskip.

Marius Rosbach
20.01.2020
Norskeigde Viking Cruises tek steget inn i ekspedisjonsskipmarknaden med to Vard-bygde skip. Reiarlaget la i 2018 inn bestilling på to skip til ein samla verdi av kring fem milliard kroner.

Utrusta ved Vard Søviknes


Det er verftsarbeidarane ved Vard Søviknes som skal utruste skipa. Om bord blir det plass til 378 passasjerar. Begge skipa vil ha Svalbard som heimehamn og har norsk NIS-flagg.
Verftskonsernet skal levere det første skipet, Viking Octantis, i starten av 2022. Seinare same år skal systerskipet Viking Polaris leverast. Den første seglasen går til til Antarktis og De store sjøer i Nord-Amerika.
Gudmødre for skipa blir ekspedisjonsfararane Liv Arnesen og Ann Bancroft.

Cambridge-samarbeid


Styreleiar Torstein Hagen seier reiarlaget skal perfeksjonere ekspedisjonscruise for «kresne og kravstore passasjar, som vil lære, utforske og utvikle seg», uttaler han i ei pressemelding.
I arbeidet har Viking Cruises innleia samarbeid med Scott Polar Research Institute ved Cambridge-universitetet. Gjennom ei stifting skal selskapet støtte polar forsking, etablere eit nytt professorat og dele ut stipend til studentar. Samtidig vil instituttet sine forskarar gjer feltarbeid om bord i skipa.
Reiarlaget har også inngått samarbeid med Cornell-universitetet sitt institutt for ornitologi det amerikanske National Oceanic and Atmospheric Administration som skal ha med vitenskapsfolk på seglasane på dei store sjøane.

Les også:





Publisert: 20.01.2020 09:55

Sist oppdatert: 28.06.2021 11:22