I fjor haust fekk Geiranger Hotel ein treårs-avtale med entreprenørselskapet Kruse Smith, som sikra grunnlag for heilårsdrift.
Til hausten satsar reiselivsdirektør Gunther Dahler i Havila Hotels, som kjøpte hotellet i desember 2019, på full drift i Geiranger heile året - også for andre gjestar enn anleggsarbeidarane som byggjer rassikker veg mellom Geiranger og Eidsdal. Hotellet er ope for gjestar også no, men dei som kjem er individuelle reisande og tilbodet er avgrensa til rom, seng og mat.
Hotellet satsar på kurs og konferansar og helgebesøkande som kjem for opplevingar og arrangement.
- Vi har ganske mange avtalar på kurs og konferansar og vi byrjar og få eit ganske bra helgeprogram frå hausten, seier Dahler.
Geiranger Hotel var eit reindyrka sommarhotell under dei førre eigarane, familien Haldorsen i Bergen. Dei hadde ein kraftig vekst i lønsemda dei siste åra, men opna først tidleg om våren og stengte ut på hausten.
Han meiner reiselivsnæringa i Geiranger bør dra lærdom av 2020-sesongen og tenke nytt. Det er viktig å samarbeide som ein destinasjon og ein må tenkje seg godt om dersom ein satsar på å få tilbake turiststraumen til Geiranger slik den var samansett før koronakrisa.
- Geiranger treng ikkje fleire besøkande, men dei rette gjestane til rett tid, gjennom heile året, seier Dahler.
Om det betyr at besøket frå utlandet skal tilsvarande opp, er reiselivsnæringa på villspor - og spesielt i Geiranger - slik Dahler ser det. Ein slik auke betyr óg at mange vil kome med fly, som ikkje vil vere i samsvar med klimamål vi skal jobbe mot, seier han.
Om sommaren er det ingen vanskar med å fylle Geiranger med norske turistar. Utlendingane bør ein prøve å få til bygda utanom toppsesongen om sommaren, og gå etter det best betalande kundane.
- Det er om å gjere å selje Geiranger som indrefilet, seier han.
Havila Hotels er eigd av Havila Holding. Havila Holding eig og 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Til hausten satsar reiselivsdirektør Gunther Dahler i Havila Hotels, som kjøpte hotellet i desember 2019, på full drift i Geiranger heile året - også for andre gjestar enn anleggsarbeidarane som byggjer rassikker veg mellom Geiranger og Eidsdal. Hotellet er ope for gjestar også no, men dei som kjem er individuelle reisande og tilbodet er avgrensa til rom, seng og mat.
Hotellet satsar på kurs og konferansar og helgebesøkande som kjem for opplevingar og arrangement.
- Vi har ganske mange avtalar på kurs og konferansar og vi byrjar og få eit ganske bra helgeprogram frå hausten, seier Dahler.
To heilårshotell
Med satsinga til Geiranger Hotel får Geiranger to hotell med tilnærma heilårsdrift, Hotel Union Geiranger og Geiranger Hotel.Geiranger Hotel var eit reindyrka sommarhotell under dei førre eigarane, familien Haldorsen i Bergen. Dei hadde ein kraftig vekst i lønsemda dei siste åra, men opna først tidleg om våren og stengte ut på hausten.
Gylden sjanse
Havila Hotels fekk koronakrisa rett i fanget kort tid etter at kjøpet av Geiranger Hotel var gjort. Det gjorde at det kom lite utanlandske gjestar. I den norske sommarferien var besøket godt, og erfaringane frå 2020-sommaren er at dei norske gjestane både gav bedre betaling for romma og brukte meir pengar på dei andre tilboda på hotellet, ifølgje Dahler.Han meiner reiselivsnæringa i Geiranger bør dra lærdom av 2020-sesongen og tenke nytt. Det er viktig å samarbeide som ein destinasjon og ein må tenkje seg godt om dersom ein satsar på å få tilbake turiststraumen til Geiranger slik den var samansett før koronakrisa.
- Geiranger treng ikkje fleire besøkande, men dei rette gjestane til rett tid, gjennom heile året, seier Dahler.
Før og etter
Analyseselskapet Menon skriv i ein rapport om eksportnæringane i Møre og Romsdal at det kan vere råd å auke inntektene frå utanlandske besøkande med 50 prosent fram til 2030 (samanlikna med før-korona-nivået).Om det betyr at besøket frå utlandet skal tilsvarande opp, er reiselivsnæringa på villspor - og spesielt i Geiranger - slik Dahler ser det. Ein slik auke betyr óg at mange vil kome med fly, som ikkje vil vere i samsvar med klimamål vi skal jobbe mot, seier han.
Om sommaren er det ingen vanskar med å fylle Geiranger med norske turistar. Utlendingane bør ein prøve å få til bygda utanom toppsesongen om sommaren, og gå etter det best betalande kundane.
- Det er om å gjere å selje Geiranger som indrefilet, seier han.
Havila Hotels er eigd av Havila Holding. Havila Holding eig og 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Geiranger treng ikkje fleire besøkande, men dei rette gjestane til rett tid, gjennom heile året
Publisert: 01.02.2021 06:00
Sist oppdatert: 29.07.2021 00:04