Satsar paa gevinst fraa bustadsatsing
MEIR Å GJERE: Dagleg leiar Rune Koppen og dei andre i Koppen Industrier har fått meir å gjere som følgje av koronapandemien. 
Nytt

Satsar på gevinst frå bustadsatsing

Korona sette tidlegare i år ein førebels stoppar for sal av bustadprosjekt – men på byggevarer går det unna for Volda-bedrifta.

Marius Rosbach
14.08.2020

Koppen Industrier er i første rekke kjent som eit byggvarehus som også driv sal av garasjar og hytter på store delar av Vestlandet.

Men snart satsar Volda-bedrifta på gevinst frå bustadsatsing når dei startar salet av nye leilegheiter i Gamlevegen.

– Vi sett i gong i løpet av næraste framtid, fortel dagleg leiar og eigar Rune Koppen til NETT NO.

Tilbake i «gamle spor»
Ved kjøpet av Fjordbygg AS for nokre år sidan har selskapet gått inn på eit spor som Koppen-familien har mykje erfaring med frå tidlegare år.

– Vi har erfaring med både leilegheitsbygg og bustadutvikling frå før. Min far bygde tidlegare einebustadar i stor stil, fortel Koppen.

No er det ei stund sidan dei har involvert seg i slike prosjekt i eigen regi. Til saman dreiar det seg om 33 leilegheiter, men salet av dei 15 første, blei stoppa opp i mars som følgje av koronapandemien.

No ser dei at marknaden er i ferd med å ta seg opp, og er klare for ny salsrunde.

Les også: Rekordfebruar sikrar byggebransjen

Boligmegler: – Det har vært ekstreme tilstander

Har auka inntektene i år
Medan mange bransjar har hatt ein tøff vår og sommar, har byggevarehus vore mellom vinnarane. NETT NO har tidlegare omtala koronaboom-en som mellom anna Koppen har merka godt.

– Vi har ei vekst i omsetninga i år på nær 20 prosent, fortel Koppen.

Fjoråret enda med ei omsetning på 81 millionar. Det er ei auka på drygt ni prosent frå 2018, og ikkje langt frå rekorden i 2015 på 85 millionar. Om inntektene held fram, kan dei truleg snuse på ei omsetning på 100 millionar i 2020.

Lønnsemda har gått noko ned dei siste åra. I fjor blei driftsresultatet på 5,4 millionar kroner, som gir ein driftsmargin på nær sju prosent.

Har tilsett fleire byggingeniørar
Sommaren 2019 tilsette dei ein ny byggingeniør – og dei har no tre slike i staben.

Koppen tilbyr gratis teikning og konsulenttenester mot at dei leverer byggevarer. Det gjer at dei hevdar seg betre i kampen om prosjekt.

– Ingeniørane våre leverer også tenester til større utbyggingsfelt, fortel Koppen.

Koppen Industrier hadde ved starten av året ein eigenkapital på 37 millionar og ein samla gjeld på drygt 40 millionar, ifølgje årsrapporten for 2019.

Les også: Koronaboom i byggvarehandelen

Koppen med rekordresultat i 2015


 Vi har erfaring med både leilegheitsbygg og bustadutvikling frå før. Min far bygde tidlegare einebustadar i stor stil

Koppen Industrier AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

81,6

74,6

Driftsresultat

5,4

5,7

Res. før skatt

4,7

3,9


Publisert: 14.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 02.08.2021 09:52