Satsar paa sikkerheitsstyring av fiskefartoey
CCOM satsar på å levere sikkerheitssystem til fiskeflåten, her representert ved Leinebjørn.
Nytt

Satsar på sikkerheitsstyring av fiskefartøy

Ålesund-baserte CCOM satsar mot fiskeflåten for elektroniske løysingar av dokumenthandtering, vedlikehald og sikkerheitsstyring.

01.10.2015
Dette opplyser i ei pressemelding.
Dagleg leiar i CCOM, Andreas Kiplesund, opplyser at selskapet vil samarbeide med Rune Paulsen i Fosnavåg-selskapet XPRO Marine for å utarbeide nødvendig dokumentasjon til ISM-løysinga.
- Rune Paulsen har lang erfaring med sikkerheitsarbeid både innan offshore og fiskeri.
- Målet vårt er å tilpasse eit enkelt system for sikkerheitsstyring basert på ISM-koden som vert obligatorisk for fiskebåtar over 500 tonn frå 1. juli 2016, seier Kiplesund.

Betre system

Han opplyser at CCOM har utvikla eit system som skal vere enkelt å ta i bruk for fiskebåtar.
CCOM har i snart 10 år levert dokumentkontroll for fiskeri og andre bransjar.
CCOM Marine kan mellom anna levere full oversikt over alle dokument om bord på fartøyet og varsling når til dømes sikkerheitsutstyr, helseattestar, kurs og anna må fornyast. Då får mannskapet også melding på SMS og e-post.
CCOM Marine leverer også vedlikehaldsmodus for maskin og utstyr med lagerfunksjon, samt oversikt over ISM-dokumentasjon med risikiovurdering og avviksrapportering.

Godøy-samarbeid

Selskapet opplyser at ein har fått mange nye kundar siste tida som ønskjer å ha på plass eit sikkerhetsstyringssystem innan fristen.
- Dette gjeld trålarar, ringnot- og linefartøy, seier Kiplesund.
Han opplyser at heile lineflåten på Godøy no samarbeider for å få til ei best muleg løysing for deira reiarlag.
Dette gjeld trålarar, ringnot- og linefartøy

Publisert: 01.10.2015 15:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47