Fosnavåg Ocean Academy vedtok å melde oppbod i desember i fjor, etter fleire år med store tap. Denne veka skal dagleg leiar Aleksander Leine og bustyrar Thore Heggen møte aktørar som kan vere interessert i å drive vidare.
- Eg vil tru dette bør vere på plass i løpet av våren, og kanskje ikkje langt utpå heller, sa Heggen under skiftesamlinga i Fosnavåg Ocean Academy i Søre Sunnmøre tingrett i dag.
Trass fleire forsøk på å sikre lønsam drift, mellom anna å få brønnbåtreiarlaget Sølvtrans inn som medeigarar, lukkast ikkje selskapet å drive i pluss, og i desember i fjor bestemte styret seg for å kaste inn handkleet.
Gjelda er på 20,5 millionar kroner og Sparebank1 SMN (9,3 millionar) og Innovasjon Norge (11 millionar) er dei to største kreditorane.
Det gjer at det vil vere kostbare å ta ut utstyret i seksjonen og klargjere den for anna bruk, og difor meiner Heggen at den beste måten å sikre verdiane på er å finne ein aktør som vil drive vidare.
- Eg vil tru dette bør vere på plass i løpet av våren, og kanskje ikkje langt utpå heller, sa Heggen under skiftesamlinga i Fosnavåg Ocean Academy i Søre Sunnmøre tingrett i dag.
20,5 millionar i gjeld
Simulatorsenteret blei bygd for å tilby kurs til mannskap på offshoreskip, men blei råka både av fallet i offshoremarknaden og ei regeleendring som reduserte etterspørselen etter trening i simulator.Trass fleire forsøk på å sikre lønsam drift, mellom anna å få brønnbåtreiarlaget Sølvtrans inn som medeigarar, lukkast ikkje selskapet å drive i pluss, og i desember i fjor bestemte styret seg for å kaste inn handkleet.
Gjelda er på 20,5 millionar kroner og Sparebank1 SMN (9,3 millionar) og Innovasjon Norge (11 millionar) er dei to største kreditorane.
Lite verdt
Simulatorsenteret held hus i ein eigen seksjon i bygget som husar kino, konsertsal og hotell i Fosnavåg. Seksjonen var eig av Fosnavåg Ocean Academy og seksjonen er spesialbygd for anlegget.Det gjer at det vil vere kostbare å ta ut utstyret i seksjonen og klargjere den for anna bruk, og difor meiner Heggen at den beste måten å sikre verdiane på er å finne ein aktør som vil drive vidare.
Publisert: 25.02.2020 13:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53






